Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Konkurstala aukar framleis
I tredje kvartal i år vart det opna 834 konkursar. Dette er ein auke på 43 prosent samanlikna med den same perioden i fjor.
Den største prosentvise auken finn vi i Nord-Trøndelag (164 prosent), Møre og Romsdal (128 prosent) og Oppland (118 prosent). Oslo er det einaste fylket der talet på opna konkursar gjekk ned (-6,4 prosent).
582 av konkursane er føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke enkeltpersonføretak. Talet på føretakskonkursar auka med 51,2 prosent. Ein tredel av dei var innanfor varehandel, reparasjon av kjøretøy og hushaldsapparat. I denne næringa gjekk talet på konkursar opp med 32 prosent.
Dei resterande 252 konkursane omfattar personlege konkursar og enkeltpersonføretak. 40 prosent av dei dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd. I denne bransjen vart det opna 51 prosent fleire konkursar i perioden.
Stadig fleire NUF-konkursar
Ni av ti føretak som gjekk konkurs i tredje kvartal, er aksjeselskap eller enkeltpersonføretak (som òg inkluderer personlege konkursar). Dette tilsvarar delen av føretak med desse organisasjonsformene i bestanden. Norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) stod for 9,1 prosent av konkursane, medan dei berre utgjer 1,9 prosent av føretaka.
Hittil i år er det totalt 2 462 konkursar, 14,2 prosent fleire samanlikna med den same perioden i 2007.
Tabeller:
- Tabell 1 Opna konkursar, etter kvartal og fylke. 2007-3. kvartal 2008
- Tabell 2 Opna konkursar, etter månad. 2000-2007og 1.-3. kvartal 2008
- Tabell 3 Opna konkursar, etter næring. 3. kvartal 2007 og 2008
- Tabell 4 Opna konkursar, omsetning og sysselsette, etter næring. 1.-3. kvartal 2007 og 2008
- Tabell 5 Opna konkursar i varehandel, etter næring. 3. kvartal 2007 og 2008
- Tabell 6 Opna konkursar i varehandel, omsetning og sysselsette, etter næring. 1.-3. kvartal 2007 og 2008
- Tabell 7 Opna konkursar i informasjonssektoren (IKT-sektoren og innhaldssektoren), omsetning og sysselsette, etter næring. 3. kvartal 2007 og 2008
- Tabell 8 Føretakskonkursar ekskl. enkeltpersonføretak, etter etableringsår og fylke. 3. kvartal 2007 og 2008
- Tabell 9 Opna konkursar (AS og ASA), etter fylke og aksjekapital (i kr). 3. kvartal 2007 og 2008
- Tabell 10 Opna konkursar, etter fylke og organisasjonsform. 3. kvartal 2007 og 2008
- Tabell 11 Enkeltpersonføretak inkl. personlege konkursar, etter fylke og innehavarens kjønn. 3. kvartal 2007 og 2008
- Tabell 12 Enkeltpersonføretak inkl. personlege konkursar, etter næring og innehavarens kjønn. 3. kvartal 2007 og 2008
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47