5530_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5530
Kraftig auke i talet på konkursar
statistikk
2009-01-26T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar4. kvartal 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kraftig auke i talet på konkursar

Talet på konkursar aukar framleis. I fjerde kvartal i fjor vart det opna 70 prosent fleire konkursar enn i same periode året før. I hele 2008 vart det registrert 28 prosent fleire konkursar enn i 2007.

Konkursar, etter type konkurs og kvartal. 1. kvartal 1999-4. kvartal 2008

I fjerde kvartal i fjor vart det opna 1 175 konkursar. Heile året vart det registrert 3 637 konkursopningar. Den største prosentvise auken frå 2007 til 2008 finn vi i Vest-Agder med 170 prosent fleire konkursar. Rogaland er fylket med den største auken i absolutte tal med 96 fleire konkursar. Tromsø og Finnmark er dei einaste fylka der talet på opna konkursar gjekk ned. Nedgangen var på høvesvis 13 og 35 prosent.

Tre av fire konkursar, i alt 2 600, var såkalla føretakskonkursar som omfattar alle føretak unntatt enkeltpersonføretak. I fjor var det 41 prosent fleire føretakskonkursar enn i 2007. Ein av tre føretakskonkursar finn vi innanfor varehandel.

Dei resterande 1 037 konkursane gjaldt enkeltpersonføretak som òg inkluderer personlege konkursar. Auken låg på 3,6 prosent samanlikna med 2007. Over ein tredel av enkeltpersonføretaka som gjekk konkurs i fjor, dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Auke i konkursar av norskregistrerte utanlandske føretak

Ni av ti føretak som gjekk konkurs i 2008, var anten aksjeselskap eller enkeltpersonføretak (som òg omfattar personlege konkursar). Dette tilsvarar delen som føretak med desse organisasjonsformene utgjer i bestanden av alle føretak. 7,8 prosent av alle konkursane i fjor var norskregistrerte utanlandske føretak (NUF). Talet på konkursar innanfor denne organisasjonsforma auka frå 211 i 2007 til 285 i fjor.

Tabeller: