5528_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5528
Rekordhøgt tal på konkursar
statistikk
2009-04-24T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar1. kvartal 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Rekordhøgt tal på konkursar

Auken i talet på konkursar varer ved. Ikkje sidan andre kvartal 2003 har det vore registrert tilsvarande høge tal på konkursar. I første kvartal i år vart det registrert 88 prosent fleire konkursopningar enn i same periode i fjor.

Totalt var det 1 418 konkursar i første kvartal i år. Den største auken i absolutte tal samanlikna med første kvartal i 2008 finn vi i Oslo, med 86 fleire konkursar, følgt av Hordaland, med 70 fleire. Talet på konkursar gjekk opp i alle fylka.

Konkursar, etter type konkurs og kvartal. 1. kvartal 1999-1. kvartal  2009

Flest innanfor varehandel og byggje- og anleggsverksemd

Tre av fire konkursar - i alt 1 093 - er såkalla føretakskonkursar som omfattar alle føretak bortsett frå einskildpersonføretak. Ein av tre føretakskonkursar vart registrert innanfor næringa varehandel og reparasjon av motorvogner. Talet på konkursar gjekk her opp med 77 prosent samanlikna med første kvartal i fjor.

Dei resterande 325 konkursane gjaldt einskildpersonføretak og personlege konkursar. 40 prosent av dei dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd. Totalt var det 111 prosent fleire konkursar innanfor denne næringa enn i same periode i fjor.

Stendig fleire konkursar av norskregistrerte utanlandske føretak

Slik det også har vore dei seinaste åra, var ni av ti føretak som gjekk konkurs anten aksjeselskap eller einskildpersonføretak (inkl. personlege konkursar). 90 prosent av alle registrerte føretak har ei av desse organisasjonsformene.

Stadig fleire norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) går konkurs. I første kvartal i år vart det opna konkurs i 118 prosent fleire NUF enn i same tidsrom i fjor.

Ny næringsklassifisering frå januar 2009

Frå januar 2009 blir det brukt ein ny standard av Eurostats næringsgruppering, NACE, for klassifisering av føretak og bedrifter. I denne statistikken vil dette seie ein meir detaljert presentasjon av føretak etter næring i tabellar samt i Statistikkbanken.

Les meir om overgangen til ny næringsstandard.

Tabeller: