5526_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5526
Auken i talet på konkursar held fram
statistikk
2009-07-24T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar2. kvartal 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auken i talet på konkursar held fram

I andre kvartal i år vart det opna 1 384 konkursar. Dette er 58 prosent fleire enn i same periode i fjor.

Konkursar, etter type konkurs. 1. kvartal 1999-2. kvartal 2009

Den største prosentvise auken finn vi i Finnmark (187 prosent), Troms (153 prosent), Vestfold (109 prosent) og Akershus (109 prosent). Akershus er óg fylket med den største auken i absolutte tal, med 85 fleire konkursar. Oppland er det einaste fylket der talet på opna konkursar gjekk ned (-4 prosent).

Sju av ti konkursar - i alt 1 021 - var såkalla føretakskonkursar, altså konkursar som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. Ein av tre føretakskonkursar finn vi innanfor varehandel, medan kvar femte var innanfor byggje- og anleggsbransjen.

Dei resterande 363 konkursane gjaldt einskildpersonføretak, som óg inkluderer personlege konkursar. 38 prosent av dei var innanfor byggje- og anleggsverksemd, medan 15 prosent fann stad innanfor transport og lagring.

Hittil i år har det blitt opna 2 802 konkursar, 72 prosent fleire enn i same periode i fjor.

Framleis auke i talet på norskregistrerte utanlandske føretak

Norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) stod for 10,7 prosent av alle konkursane i andre kvartal i år. I same tidsrom i fjor låg denne delen på 7,2 prosent. I andre kvartal i år gjekk over dobbelt så mange NUF konkurs som i same kvartal i fjor.

Få kvinner går konkurs

Berre 7,6 prosent av innehavarane i einskildpersonføretaka som gjekk konkurs i 2008, var kvinner. Dette til tross for at rundt 25 prosent av alle einskildpersonføretaka er drivne av kvinner.

Tal frå Statistisk månadshefte

Månadlege tal på føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssal i fast eigedom og lausøyre, og tinglyste utleggsforretningar ligg no i tabell 07218 i Statistikkbanken og ikkje lenger i Statistisk månadshefte.

Tabeller: