5524_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
5524
Framleis auke i talet på konkursar
statistikk
2009-10-23T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar3. kvartal 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis auke i talet på konkursar

Auken i talet på konkursar held fram, men er noko svakare enn i kvartala før. I 3. kvartal i år vart det registrert 23 prosent fleire konkursopningar enn i det same tidsrommet i fjor.

Konkursar, etter type konkurs og kvartal. 1. kvartal 1999-3. kvartal 2009

Totalt var det 1 028 konkursar. Østfold og Nord-Trøndelag er dei einaste fylka der konkurstalet gjekk ned. Den største prosentvise veksten finn vi i Hedmark og Sogn og Fjordane, med høvesvis 147 og 100 prosent fleire konkursar. I Oslo var auken på 40 fleire konkursar størst i absolutte tal. Hedmark hadde 28 fleire konkursopningar enn i 3. kvartal av 2008.

Auke i talet på føretakskonkursar

Åtte av ti konkursar, i alt 818, var føretakskonkursar unnateke einskildpersonføretak. Talet gjekk opp med 40 prosent samanlikna med 3. kvartal i fjor. Størst vekst i absolutte tal finn vi i byggje- og anleggsverksemd med 59 samt i varehandel og reparasjon av motorvogner med 51 fleire konkursar.

Dei resterande 210 konkursane var einskildpersonføretak og personlege konkursar. Her var det 42 færre konkursar i 3. kvartal, som tilsvarar ein nedgang på 17 prosent samanlikna med den same perioden i fjor. Det var berre innanfor industri samt varehandel og reparasjon av motorvogner at talet gjekk opp.

Meir enn to tredjedelar av konkursane i 3. kvartal var aksjeselskap. Norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) stod for 10 prosent. Konkursar innanfor denne organisasjonsforma auka med 35 prosent samanlikna med 3. kvartal i fjor.

Hittil i år har det blitt opna 3 830 konkursar, 55 prosent fleire enn i den same perioden i fjor.

Månadstal

Månadlege tal på føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssal i fast eigedom og lausøyre samt tinglyste utleggsforretningar ligg i tabell 07218 i Statistikkbanken .

Tabeller: