Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre går konkurs
I 1. kvartal i år vart det opna 1 211 konkursar. Dette er ein nedgang på 15 prosent samanlikna med den same perioden i fjor.
I nesten alle fylka gjekk talet på konkursar ned. Unntak er Nordland, Aust-Agder, Troms og Finnmark. Den største prosentvise nedgangen finn vi i Vest-Agder og Sør-Trøndelag med 44 prosent færre konkursar. Sør-Trøndelag er òg fylket med den største nedgangen i absolutte tal med 43 færre konkursar.
Færre føretakskonkursar
Sju av ti konkursar, i alt 865, er såkalla føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. Ein av tre føretakskonkursar finn vi innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner. I denne næringa vart det 12 prosent færre konkursar enn i det første kvartalet i fjor.
Talet på føretakskonkursar i alt gjekk ned med 21 prosent sett i høve til det same kvartalet i fjor.
Fleire privatpersonar og einskildpersonføretak gjekk konkurs
Dei resterande 346 konkursane gjaldt einskildpersonføretak og personlege konkursar. Det var 6,5 prosent fleire konkursar innanfor denne gruppa enn i den same perioden i fjor. Over ein tredel av einskildpersonføretaka som gjekk konkurs i 1. kvartal, dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd. Innanfor denne næringa var det totalt 9 prosent færre konkursar enn i den same perioden året før.
Også færre konkursar av norskregistrerte utanlandske føretak
9 prosent av alle konkursane i 1. kvartal gjaldt norskregistrerte utanlandske føretak (NUF). For denne organisasjonsforma fall talet på konkursar med 15 prosent.
MånadstalMånadlege tal på føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssal i fast eigedom og lausøyre samt tinglyste utleggsforretningar ligg i tabell 07218 i Statistikkbanken . |
Tabeller:
- Tabell 1 Opna konkursar, etter kvartal og fylke. 2009 og 1. kvartal 2010
- Tabell 2 Opna konkursar, etter månad. 2002-2010
- Tabell 3 Opna konkursar, etter næring. 1. kvartal 2009 og 2010
- Tabell 4 Opna konkursar, omsetning og sysselsette, etter næring. 1. kvartal 2009 og 2010
- Tabell 5 Opna konkursar i varehandel, etter næring. 1. kvartal 2009 og 2010
- Tabell 6 Opna konkursar i varehandel, omsetning og sysselsette, etter næring. 1. kvartal 2009 og 2010
- Tabell 7 Opna konkursar i informasjonssektoren (IKT-sektoren og innhalds- og mediesektoren), omsetning og sysselsette, etter næring. 1. kvartal 2009 og 2010
- Tabell 8 Opna konkursar (AS og ASA), etter fylke og aksjekapital (i kroner). 1. kvartal 2009 og 2010
- Tabell 9 Opna konkursar, etter fylke og organisasjonsform. 1. kvartal 2009 og 2010
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47