Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Talet på konkursar fell framleis
Det vart opna 1 240 konkursar i 2. kvartal i år. Dette er ein nedgang på 10 prosent samanlikna med den same perioden i fjor.
Den største prosentvise nedgangen finn vi i fylka Sør-Trøndelag, Rogaland og Hedmark der talet på konkursar gjekk attende med respektive 50, 38 og 32 prosent. Sør-Trøndelag og Rogaland er òg fylka med den største nedgangen i absolutte tal med høvesvis 36 og 38 færre konkursar.
I nokre fylke gjekk talet på konkursar opp. Størst auke finn vi i Troms og Nord-Trøndelag med 21 og 19 prosent fleire konkursar. I Oslo, der det var 16 fleire konkursar enn i 2. kvartal 2009, steig det absolutte talet mest.
Flest innanfor varehandel, samt byggje- og anleggsverksemd
Sju av ti konkursar - i alt 845 - var føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. Konkurstalet innanfor denne gruppa gjekk ned med 17 prosent. 27 prosent av føretakskonkursane vart registrerte innanfor næringa varehandel og reparasjon av motorvogner. Talet på konkursar gjekk her ned med 26 prosent samanlikna med 2. kvartal i fjor.
395 av konkursane gjaldt einskildpersonføretak og personlege konkursar. Her vart det registrert 9 prosent fleire konkursar enn i den same perioden i fjor. Ein av tre som gjekk konkurs, dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd, og i denne næringa auka talet på konkursar med 4,4 prosent.
Hittil i år har det blitt opna drygt 2 450 konkursar, 13 prosent færre enn i den same perioden i fjor.
Få kvinner går konkurs
9,4 prosent av innehavarane i einskildpersonføretaka som gjekk konkurs i 2009, var kvinner. Dette til tross for at 26 prosent av alle einskildpersonføretaka er drivne av kvinner.
MånadstalMånadlege tal på føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssal i fast eigedom og lausøyre samt tinglyste utleggsforretningar ligg i tabell 07218 i Statistikkbanken . |
Tabeller:
- Tabell 1 Opna konkursar, etter kvartal og fylke. 2009 og 1. og 2. kvartal 2010
- Tabell 2 Opna konkursar, etter månad. 2002-2010
- Tabell 3 Opna konkursar, etter næring. 2. kvartal 2009 og 2010
- Tabell 4 Opna konkursar, omsetning og sysselsette, etter næring. 2. kvartal 2009 og 2010
- Tabell 5 Opna konkursar i varehandel, etter næring. 2. kvartal 2009 og 2010
- Tabell 6 Opna konkursar i varehandel, omsetning og sysselsette, etter næring. 2. kvartal 2009 og 2010
- Tabell 7 Opna konkursar i informasjonssektoren (IKT-sektoren og innhalds- og mediesektoren), omsetning og sysselsette, etter næring. 2. kvartal 2009 og 2010
- Tabell 8 Opna konkursar (AS og ASA), etter fylke og aksjekapital (i kroner). 2. kvartal 2009 og 2010
- Tabell 9 Opna konkursar, etter fylke og organisasjonsform. 2. kvartal 2009 og 2010
- Tabell 10 Rolleinnehavarar i personleg eigde føretak, etter kjønn, alder, landbakgrunn, utdanningsnivå og næring. 2009
- Tabell 11 Eigarar i aksjeselskap (AS og ASA), etter kjønn, alder, landbakgrunn, utdanningsnivå og næring. 2009
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47