84633_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/arkiv
84633
Færre går konkurs
statistikk
2012-04-20T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar1. kvartal 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre går konkurs

Talet på konkursar går framleis ned. Det vart opna 1 075 konkursar i 1. kvartal 2012, ein nedgang på 9 prosent samanlikna med den same perioden i fjor.

Konkursar, etter type konkurs og kvartal. 1. kvartal 2002-1. kvartal 2012

Den største prosentvise nedgangen finn vi i fylka Sogn og Fjordane, Hedmark og Rogaland med høvesvis 44, 35 og 29 prosent færre konkursar. Rogaland var fylket der talet på konkursar i absolutte tal gjekk mest ned, med 29 færre konkursar.

774 av konkursane var såkalla føretakskonkursar, sett bort frå einskildpersonføretak. Ein fjerdedel av dessa konkursane var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner. Talet på konkursar innanfor denne næringa gjekk ned med 20 prosent samanlikna med det første kvartalet i fjor.

Dei resterande 301 konkursane gjaldt einskildpersonføretak og personlege konkursar. I denne gruppa var to av fem konkursar innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Månadstal

Månadlege tal på føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssal i fast eigedom og lausøyre samt tinglyste utleggsforretningar ligg i tabell 07218 i Statistikkbanken .

Månadlege tal på føretakskonkursar og personlege konkursar, fordelte på næring og fylke, er tilgjengelege i tabell 08551 i Statistikkbanken .

Tabeller: