Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis nedgang i talet på konkursar
Det vart opna 840 konkursar i 3. kvartal i år. Det er 10 prosent færre enn i 3. kvartal 2011.
Den største prosentvise nedgangen finn vi Hedmark og Vestfold, med høvesvis 46 og 35 prosent færre konkursar enn året før. Akershus hadde 24 færre konkursar, og var såleis det fylket som hadde størst nedgang i absolutte tal. I Oslo, Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag og Finnmark gjekk talet på konkursar opp.
624 av dei 840 konkursane i 3. kvartal i år var føretakskonkursar, unnateke einskildpersonføretak. Vel ein fjerdedel av dessa var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner.
Dei resterande 216 konkursane gjaldt einskildpersonføretak og personlege konkursar. Ein tredjedel av dessa dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd, her gjekk talet på konkursar ned 26 prosent samanlikna med 3. kvartal i fjor.
Det har vorte opna 2 815 konkursar dei tre første kvartala i år. Det er 14 prosent færre enn i den same perioden i 2011.
Månadlege talMånadlege tal på føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssal i fast eigedom og lausøyre samt tinglyste utleggsforretningar ligg i tabell 07218 i Statistikkbanken . Månadlege tal på føretakskonkursar og personlege konkursar, fordelte på næring og fylke, er tilgjengelege i tabell 08551 i Statistikkbanken . |
Tabeller:
- Tabell 1 Opna konkursar, etter kvartal og fylke. 2011 og 2012
- Tabell 2 Opna konkursar, etter månad. 2004-2012
- Tabell 3 Opna konkursar, etter næring. 3. kvartal 2011 og 2012
- Tabell 4 Opna konkursar, omsetning og sysselsette , etter næring. 3. kvartal 2011 og 2012
- Tabell 5 Opna konkursar (AS og ASA), etter fylke og aksjekapital (i kr). 3. kvartal 2011 og 2012
- Tabell 6 Opna konkursar, etter fylke og organisasjonsform. 3. kvartal 2011 og 2012
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47