Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svak nedgang i talet på konkursar
I 1. kvartal i år vart det opna 1 179 konkursar. Dette er 3 prosent færre enn i den same perioden i fjor.
Størst prosentvis nedgang finn vi i Østfold og Vestfold, med 27 prosent færre konkursar båe stadene. I Rogaland og Oppland auka talet på konkursar mest, med høvesvis 38 og 33 prosent. Rogaland var òg fylket med den største auken i absolutte tal, nemleg 28 fleire konkursar enn i 1. kvartal i fjor.
Flest konkursar innanfor varehandel, bygg og anlegg
Tre av fire konkursar - i alt 872 - var føretakskonkursar som ikkje omfattar einskildpersonføretak. Nesten ein tredjedel av dei var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner. Dette er 11 prosent færre enn i 1. kvartal i fjor.
Dei andre 307 konkursane gjaldt einskildpersonføretak og personlege konkursar. Meir enn ein tredjedel av dei dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd. I denne næringa gjekk talet på konkursar ned med 8 prosent.
MånadstalMånadlege tal på føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssal i fast eigedom og lausøyre samt tinglyste utleggsforretningar ligg i tabell 07218 i Statistikkbanken . No er òg månadlege tal på føretakskonkursar og personlege konkursar, fordelte på næring og fylke, tilgjengelege i tabell 08551 i Statistikkbanken . |
Tabeller:
- Tabell 1 Opna konkursar, etter kvartal og fylke. 2010 og 1. kvartal 2011
- Tabell 2 Opna konkursar, etter månad. 2003-2011
- Tabell 3 Opna konkursar, etter næring. 1. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 4 Opna konkursar, omsetning og sysselsette, etter næring. 1. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 5 Opna konkursar i varehandel, etter næring. 1. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 6 Opna konkursar i varehandel, omsetning og sysselsette, etter næring. 1. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 7 Opna konkursar i informasjonssektoren (IKT-sektoren og innhalds- og mediesektoren), omsetning og sysselsette, etter næring. 1. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 8 Opna konkursar (AS og ASA), etter fylke og aksjekapital (i kroner). 1. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 9 Opna konkursar, etter fylke og organisasjonsform. 1. kvartal 2010 og 2011
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47