Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stadig færre til skifteretten
I 2. kvartal i år vart det opna 1 158 konkursar. Dette er ein nedgang på 7 prosent samanlikna med den same perioden i fjor.
Den største prosentvise nedgangen finn vi i Troms, Møre og Romsdal og Oslo, som hadde ein reduksjon på høvesvis 50, 33 og 28 prosent. Oslo, med 74 færre konkursar, er det fylket som hadde den største nedgangen i absolutte tal.
I Hedmark auka talet på konkursar mest, med 79 prosent. Oppgangen i absolutte tal var størst i Rogaland, med 37 fleire konkursar.
Hittil i år har det blitt opna 2 337 konkursar. Dette er 5 prosent færre enn i den same perioden i fjor.
Flest konkursar innanfor varehandel, bygg og anlegg
Sju av ti konkursar - i alt 800 - var føretakskonkursar som ikkje omfattar einskildpersonføretak. Ein tredjedel av dei var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner. Dette er 5 prosent fleire enn i 2. kvartal i fjor.
Dei andre 358 konkursane gjaldt einskildpersonføretak og personlege konkursar. Ein tredjedel av desse dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd. I denne næringa gjekk talet på konkursar ned med 22 prosent.
Få konkurser involverer kvinner samanlikna med menn1
9 prosent av innehavarane i einskildpersonføretaka som gjekk konkurs i 2010, var kvinner. Dette til tross for at 27 prosent av alle einskildpersonføretaka er drivne av kvinner. Tal over eigarar i personleg eigde føretak finnast i Statistikkbanken knytta til statistikk for eierskap og roller i næringslivet .
MånadstalMånadlege tal på føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssal i fast eigedom og lausøyre samt tinglyste utleggsforretningar ligg i tabell 07218 i Statistikkbanken . No er òg månadlege tal på føretakskonkursar og personlege konkursar, fordelte på næring og fylke, tilgjengelege i tabell 08551 i Statistikkbanken . |
1 | Teksten er lagt til 25. juli |
Tabeller:
- Tabell 1 Opna konkursar, etter kvartal og fylke. 2010 og 1.-2. kvartal 2011
- Tabell 2 Opna konkursar, etter månad. 2003-2011
- Tabell 3 Opna konkursar, etter næring. 2. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 4 Opna konkursar, omsetning og sysselsette, etter næring. 2. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 5 Opna konkursar i varehandel, etter næring. 2. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 6 Opna konkursar i varehandel, omsetning og sysselsette, etter næring. 2. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 7 Opna konkursar i informasjonssektoren (IKT-sektoren og innhalds- og mediesektoren), omsetning og sysselsette, etter næring. 2. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 8 Opna konkursar (AS og ASA), etter fylke og aksjekapital (i kroner). 2. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 9 Opna konkursar, etter fylke og organisasjonsform. 2. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 10 Opna konkursar. Rolleinnehavarar i personleg eigde føretak, etter kjønn, alder, landbakgrunn, utdanningsnivå og næring. 2010
- Tabell 11 Opna konkursar. Eigarar i aksjeselskap (AS og ASA), etter kjønn, alder, landbakgrunn, utdanningsnivå og næring. 2010
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47