Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stadig færre konkursar
Talet på konkursar går framleis ned. Det vart opna 934 konkursar i 3. kvartal. Dette er ein nedgang på 1,6 prosent samanlikna med det same kvartalet i fjor.
Den største nedgangen finn vi i Nord-Trøndelag, både prosentvis og i absolutte tal, med 55 prosent eller 17 færre konkursar. I Buskerud gjekk talet på konkursar mest opp, med 61 prosent eller 22 fleire konkursar.
Flest konkursar innafor varehandel, bygg og anlegg
Sju av ti konkursar, i alt 677, var føretakskonkursar unnateke enkeltpersonføretak. Resten, i alt 257 konkursar, gjaldt einskildpersonføretak og personlege konkursar.
Nesten ein tredel av føretakskonkursane var innafor varehandel og reparasjon av motorvogner. I denne næringa vart det 2,5 prosent færre konkursar enn i 3. kvartal i fjor.
Totalt var det 4 prosent fleire konkursar av einskildpersonføretak, samt personlege konkursar. Ein tredel av einskildpersonføretaka som gjekk konkurs i 3. kvartal, dreiv innafor bygg- og anleggsverksemd.
Hittil i år har det vorte opna 3 271 konkursar. Dette er 4 prosent færre enn i den same perioden i fjor.
MånadstalMånadlege tal på føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssal i fast eigedom og lausøyre samt tinglyste utleggsforretningar ligg i tabell 07218 i Statistikkbanken . No er òg månadlege tal på føretakskonkursar og personlege konkursar, fordelte på næring og fylke, tilgjengelege i tabell 08551 i Statistikkbanken . |
Tabeller:
- Tabell 1 Opna konkursar, etter kvartal og fylke. 2010 og 1.-3. kvartal 2011
- Tabell 2 Opna konkursar, etter månad. 2003-2011
- Tabell 3 Opna konkursar, etter næring. 3. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 4 Opna konkursar, omsetning og sysselsette, etter næring. 3. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 5 Opna konkursar i varehandel, etter næring. 3. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 6 Opna konkursar i varehandel, omsetning og sysselsette, etter næring. 3. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 7 Opna konkursar i informasjonssektoren (IKT-sektoren og innhalds- og mediesektoren), omsetning og sysselsette, etter næring. 3. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 8 Opna konkursar (AS og ASA), etter fylke og aksjekapital (i kr). 3. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 9 Opna konkursar, etter fylke og organisasjonsform. 3. kvartal 2010 og 2011
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47