Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svak nedgang i talet på konkursar
Det vart registrert noe færre konkursar i 2011 enn året før. Talet på konkursar auka litt i 4. kvartal i fjor samanlikna med den same perioden i 2010.
Totalt vart det opna 4 355 konkursar i fjor, 1,8 prosent færre enn i 2010. Den største nedgangen i prosentvise tal finn vi i Troms, med 30 prosent færre konkursar. Med 88 færre konkursar var Oslo fylket der talet på konkursar i absolutte tal gjekk mest ned.
Sju av ti konkursar, i alt 3 174, var føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. Dette var 0,4 prosent, eller 13 fleire konkursar enn i 2010. Nesten ein tredel av dessa føretaka var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner.
Dei resterande 1 181 konkursane gjaldt einskildpersonføretak og personlege konkursar. Dette var 7,3 prosent, eller 93 færre konkursar samanlikna med 2010. Et av tre einskildpersonføretak som gjekk konkurs i fjor, var innanfor bygg og anlegg.
I 4. kvartal i fjor var det i alt 1 084 konkursar. Dette er ein auke på 4,7 prosent samanlikna med den same perioden året før.
MånadstalMånadlege tal på føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssal i fast eigedom og lausøyre samt tinglyste utleggsforretningar ligg i tabell 07218 i Statistikkbanken . No er òg månadlege tal på føretakskonkursar og personlege konkursar, fordelte på næring og fylke, tilgjengelege i tabell 08551 i Statistikkbanken . |
Tabeller:
- Tabell 1 Opna konkursar, etter kvartal og fylke. 2010 og 2011
- Tabell 2 Opna konkursar, etter månad. 2003-2011
- Tabell 3 Opna konkursar, etter næring. 4. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 4 Opna konkursar, omsetning og sysselsette, etter næring. 2010 og 2011
- Tabell 5 Opna konkursar i informasjonssektoren (IKT-sektoren og innhalds- og mediesektoren), omsetning og sysselsette, etter næring. 4. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 6 Opna konkursar i informasjonssektoren (IKT-sektoren og innhalds- og mediesektoren), omsetning og sysselsette, etter næring. 2010 og 2011
- Tabell 7 Opna konkursar (AS og ASA), etter fylke og aksjekapital (i kr). 4. kvartal 2010 og 2011
- Tabell 8 Opna konkursar, etter fylke og organisasjonsform. 4. kvartal 2010 og 2011
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47