Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Talet på konkursar aukar
Etter ein jamn nedgang dei siste tre åra gjekk talet på konkursar opp i 1. kvartal i år. Totalt vart det opna 1 184 konkursar, 10 prosent fleire enn i det same kvartalet i fjor.
Mars 2013 | Endring i prosent | 1. kvartal 2013 | Endring i prosent | |
---|---|---|---|---|
Mars 2012 - Mars 2013 | 1. kvartal 2012 - 1. kvartal 2013 | |||
Opna konkursar i alt | 379 | 8,6 | 1 184 | 10,1 |
Føretakskonkursar | 263 | 3,1 | 836 | 8,0 |
Personlege konkursar, inklusive einskildpersonføretak | 116 | 23,4 | 348 | 15,6 |
Konkursar innanfor byggje- og anleggsverksemd | 111 | 23,3 | 288 | -2,0 |
Konkursar innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner | 102 | 36,0 | 298 | 33,0 |
Den største prosentvise veksten finn vi i Sogn og Fjordane med 86 prosent fleire konkursar, følgt av Telemark med ein auke på 33 prosent. Oslo var fylket der talet på konkursar i absolutte tal auka mest; det var 32 fleire konkursar i hovudstaden i 1. kvartal 2013 enn i same tidsrommet året før. I Finnmark, Troms, Vestfold, Vest-Agder, Nord-Trøndelag og Buskerud gjekk derimot talet på konkursar ned i denne perioden.
Sju av ti konkursar, i alt 836, var føretakskonkursar eksklusive einskildpersonføretak. Ein tredel av desse var innanfor næringa varehandel og reparasjon av motorvogner. Talet på konkursar innanfor denne næringa gjekk opp med 33 prosent frå 1. kvartal i fjor til 1. kvartal i år.
Einskildpersonføretak og personlege konkursar utgjorde dei resterande 348 konkursane i 1. kvartal. Eitt av tre einskildpersonføretak som gjekk konkurs, dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd. Innanfor denne næringa gjekk talet på konkursar ned med 3 prosent samanlikna med 1. kvartal 2012.
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47