106628_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/kvartal
106628
Fleire konkursar
statistikk
2013-07-26T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Opna konkursar2. kvartal 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire konkursar

Talet på konkursar fortset å gå opp. Totalt vart det opna 1 316 konkursar i 2. kvartal i år, 46 prosent fleire enn i det same kvartalet i fjor.

Opna konkursar
Juni 2013Endring i prosent2. kvartal 2013Endring i prosent
Juni 2012 - Juni 20132. kvartal 2012 - 2. kvartal 2013
Opna konkursar i alt39122,21 31646,2
Føretakskonkursar28826,991037,7
Personlege konkursar, inklusive einskildpersonføretak10310,840669,9
 
Konkursar innanfor byggje- og anleggsverksemd12467,640785,8
Konkursar innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner829,327429,2
Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal. 2. kvartal 2003-2. kvartal 2013

Den største prosentvise veksten finn vi i Oslo med 125 prosent fleire konkursar, følgt av Hedmark med ein auke på 93 prosent. Oslo er òg fylket der talet på konkursar i absolutte tal gjekk opp mest, med 140 fleire konkursar frå 2. kvartal 2012 til 2. kvartal 2013.

910 av konkursane er føretakskonkursar, unnateke einskildpersonføretak. 27 prosent av dessa dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd, medan 25 prosent var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner.

Dei resterande 406 konkursane omfattar einskildpersonføretak og personlege konkursar. To av fem av dessa konkursane finn vi innanfor byggje- og anleggsverksemd. Talet på konkursar innanfor denne næringa gjekk opp med 118 prosent frå 2. kvartal 2012 til 2. kvartal i år.

Det vart opna 2 500 konkursar i dei seks fyrste månadane i år. Det er 27 prosent fleire enn i den same perioden i 2012.