Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis fleire konkursar
Talet på konkursar gjekk også opp i 3. kvartal i 2013. Totalt vart det opna 908 konkursar, 8 prosent fleire enn i det same kvartalet i 2012.
September 2013 | Endring i prosent | 3. kvartal 2013 | Endring i prosent | |
---|---|---|---|---|
September 2012 - September 2013 | 3. kvartal 2012 - 3. kvartal 2013 | |||
Opna konkursar i alt | 379 | 14,8 | 908 | 8,1 |
Føretakskonkursar | 286 | 18,7 | 686 | 9,9 |
Personlege konkursar, inklusive einskildpersonføretak | 93 | 4,5 | 222 | 2,8 |
Konkursar innanfor byggje- og anleggsverksemd | 97 | 7,8 | 225 | 16,6 |
Konkursar innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner | 101 | 50,7 | 233 | 22,6 |
Den største prosentvise veksten finn vi i Møre og Romsdal, Vestfold og Østfold, med høvesvis 33, 24 og 23 prosent fleire konkursar. Sett i absolutte tal var det størst auke i Akershus og Møre og Romsdal, med høvesvis 16 og 14 fleire konkursar frå 3. kvartal 2012 til 3. kvartal 2013.
I Rogaland, Nord-Trøndelag, Hordaland og Sogn og Fjordane gjekk talet på konkursar ned.
686 av konkursane var føretakskonkursar, unnateke einskildpersonføretak. 30 prosent av desse var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner. Dei resterande 222 konkursane gjaldt einskildpersonføretak og personlege konkursar. Her var over ein tredel registrert innanfor byggje- og anleggsverksemd.
Totalt vart det opna 3 408 konkursar frå januar til september i år. Det er 21 prosent fleire enn i den same perioden i 2012.
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47