Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire konkursar i 2013
Det vart registrert fleire konkursopningar i 2013 enn året før. Også tala for 4. kvartal 2013 viser ein auke frå same periode i 2012.
Desember 2013 | Endring i prosent | 4. kvartal 2013 | Endring i prosent | |
---|---|---|---|---|
Desember 2012 - Desember 2013 | 4. kvartal 2012 - 4. kvartal 2013 | |||
Opna konkursar i alt | 363 | 34,4 | 1 156 | 15,7 |
Føretakskonkursar | 255 | 31,4 | 821 | 16,6 |
Personlege konkursar, inklusive einskildpersonføretak | 108 | 42,1 | 335 | 13,6 |
Konkursar innanfor byggje- og anleggsverksemd | 95 | 50,8 | 284 | 18,8 |
Konkursar innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner | 80 | 12,7 | 280 | 14,3 |
Totalt vart det opna 4 564 konkursar i fjor. Det er 19,7 prosent, eller 750, fleire konkursar enn i 2012. Den største prosentvise auken finn vi i Østfold, med 48 prosent fleire konkursar. I absolutte tal var auken størst i Oslo, med 213 fleire konkursar.
Sju av ti konkursar, i alt 3 253, var føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. Det var 18 prosent fleire føretakskonkursar i 2013 enn året før. Ein tredel av føretakskonkursane var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner.
Dei resterande 1 311 konkursar var personlege konkursar og einskildpersonføretak. Her gjekk talet opp med 25 prosent samanlikna med 2012. 36 prosent av konkursane var innanfor byggje- og anleggsverksemd.
I 4. kvartal i fjor vart det opna 1 156 konkursar. Det er 16 prosent fleire enn i den same perioden året før.
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47