Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire går konkurs
Auken i talet på konkursar held fram. I 1. kvartal 2014 vart det opna 1 299 konkursar, snautt 10 prosent fleire enn i det same kvartalet i 2013.
Mars 2014 | Endring i prosent | 1. kvartal 2014 | Endring i prosent | |
---|---|---|---|---|
Mars 2013 - Mars 2014 | 1. kvartal 2013 - 1. kvartal 2014 | |||
Opna konkursar i alt | 469 | 23,7 | 1 299 | 9,7 |
Føretakskonkursar | 340 | 29,3 | 921 | 10,2 |
Personlege konkursar, inklusive einskildpersonføretak | 129 | 11,2 | 378 | 8,6 |
Konkursar innanfor byggje- og anleggsverksemd | 131 | 18,0 | 359 | 24,7 |
Konkursar innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner | 102 | 0,0 | 309 | 3,7 |
Den største prosentvise auken finn vi i Troms, Akershus og Vestfold, med høvesvis 56, 47 og 41 prosent fleire konkursar. I Oslo og Akershus var oppgangen i absolutte tal størst, med 48 fleire konkursar i kvart av dei to fylka. Derimot gjekk talet på konkursar ned i seks fylke: Buskerud, Telemark, Hordaland, Sogn og Fjordane, Sør-Trøndelag og Nordland.
Sju av ti konkursar, i alt 921, var føretakskonkursar. Dette omgrepet omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. Det var 10 prosent fleire føretakskonkursar i 1. kvartal i år enn i det same kvartalet i 2013. 30 prosent av føretakskonkursane var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner.
Dei resterande 378 konkursane var personlege konkursar og einskildpersonføretak. Her gjekk talet opp med 9 prosent samanlikna med det første kvartalet i fjor. 38 prosent av konkursane var innanfor byggje- og anleggsverksemd.
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47