173756_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/kvartal
173756
Svak nedgang i talet på konkursar
statistikk
2014-07-23T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false
Talet på konkursar har gått ned. I 2. kvartal 2014 vart det opna 1 268 konkursar, snautt 4 prosent færre enn i det same kvartalet i 2013.

Opna konkursar2. kvartal 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak nedgang i talet på konkursar

Etter ein stadig auke i talet på konkursar sidan byrjinga av fjoråret er det no registrert færre konkursar igjen. I 2. kvartal 2014 vart det opna 1 268 konkursar, snautt 4 prosent færre enn i det same kvartalet i 2013.

Opna konkursar
Juni 2014Endring i prosent2. kvartal 2014Endring i prosent
Juni 2013 - Juni 20142. kvartal 2013 - 2. kvartal 2014
Opna konkursar i alt45315,91 268-3,6
Føretakskonkursar32011,1877-3,6
Personlege konkursar, inklusive einskildpersonføretak13329,1391-3,7
 
Konkursar innanfor byggje- og anleggsverksemd122-1,6364-10,6
Konkursar innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner9920,72771,1
Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal

Den største prosentvise nedgangen finn vi i Hedmark og Sør-Trøndelag der det var høvesvis 31 og 25 prosent færre konkursar. I Hedmark, saman med Rogaland, var òg nedgangen i absolutte tal størst, med 18 færre konkursar i kvart av dei to fylka. I Hordaland gjekk talet på konkursar mest opp, med 24 prosent, eller 29 fleire konkursar.

Sju av ti konkursar, i alt 877, var føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. Nesten ein tredel av føretakskonkursane var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner. Dei resterande 391 konkursane var personlege konkursar og einskildpersonføretak. Fire av ti av desse dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Det vart opna totalt 2 567 konkursar i dei seks fyrste månadene i år. Det er 3 prosent fleire enn i den same perioden i 2013.