Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire konkursar
Talet på konkursar aukar igjen. I 3. kvartal 2014 vart det opna 1 035 konkursar, 14 prosent fleire enn i det same kvartalet i 2013.
September 2014 | Endring i prosent | 3. kvartal 2014 | Endring i prosent | |
---|---|---|---|---|
September 2013 - September 2014 | 3. kvartal 2013 - 3. kvartal 2014 | |||
Opna konkursar i alt | 474 | 25,1 | 1 035 | 14,0 |
Føretakskonkursar | 324 | 13,3 | 745 | 8,6 |
Personlege konkursar, inklusive einskildpersonføretak | 150 | 61,3 | 290 | 30,6 |
Konkursar innanfor byggje- og anleggsverksemd | 142 | 46,4 | 295 | 31,1 |
Konkursar innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner | 91 | -9,9 | 229 | -1,7 |
Talet på konkursar gjekk opp i alle fylka bortsett frå Hedmark, Oppland, Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag. Den største prosentvise oppgangen finn vi i Finnmark og Sogn og Fjordane, med 60 prosent fleire konkursar i kvart av dei to fylka. I Hordaland og Akershus var auken i absolutte tal størst, med høvesvis 34 og 23 fleire konkursar.
Sju av ti konkursar, i alt 745, var føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. 27 prosent av føretakskonkursane var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner. Dei resterande 290 konkursane var personlege konkursar og einskildpersonføretak. 39 prosent av desse konkursane dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd. Talet på konkursar innanfor denne næringa gjekk opp med 42 prosent frå 3. kvartal 2013 til 3. kvartal i år.
Det vart opna totalt 3 602 konkursar frå januar til september i år. Det er 6 prosent fleire enn i den same perioden i 2013.
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47