Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire gjekk konkurs i fjor
Det vart registrert fleire konkursopningar i 2014 enn året før. Også tala for 4. kvartal stadfestar denne utviklinga.
Desember 2014 | Endring i prosent | 4. kvartal 2014 | Endring i prosent | |
---|---|---|---|---|
Desember 2013 - Desember 2014 | 4. kvartal 2013 - 4. kvartal 2014 | |||
Opna konkursar i alt | 409 | 12,7 | 1 201 | 3,9 |
Føretakskonkursar | 309 | 21,2 | 891 | 8,5 |
Personlege konkursar, inklusive einskildpersonføretak | 100 | -7,4 | 310 | -7,5 |
Konkursar innanfor byggje- og anleggsverksemd | 110 | 15,8 | 309 | 8,8 |
Konkursar innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner | 87 | 8,8 | 270 | -3,6 |
Totalt vart det opna 4 803 konkursar i fjor. Det er 5 prosent fleire enn i 2013. Den største prosentvise auken finn vi i fylka Aust-Agder, Finnmark og Troms, der det var høvesvis 39, 22 og 19 prosent fleire konkursar. I absolutte tal var oppgangen størst i Akershus og Oslo, med 82 og 60 fleire konkursar. Med ein nedgang på 14 prosent, eller 32 færre konkursar, var Møre og Romsdal fylket der talet på konkursar gjekk mest ned, både i relative og absolutte tal.
Sju av ti konkursar, i alt 3 434, var føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretaka. 28 prosent av føretakskonkursane var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner. Dei resterande 1 369 konkursane var personlege konkursar og einskildpersonføretak. 38 prosent av desse konkursslegne føretaka dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd.
I 4. kvartal i fjor vart det opna 1 201 konkursar. Det er 4 prosent fleire enn i den same perioden i 2013.
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47