201277_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/kvartal
201277
Ørliten nedgang i talet på konkursar
statistikk
2015-04-22T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false
I 1. kvartal 2015 var det 1 294 konkurser. Dette er 0,4 prosent færre enn i 1. kvartal året før.

Opna konkursar1. kvartal 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Ørliten nedgang i talet på konkursar

Talet på konkursar heldt seg stabilt. I 1. kvartal 2015 blei det opna 1 294 konkursar, 0,4 prosent færre enn i det same kvartalet i 2014.

Opna konkursar
Mars 2015Endring i prosent1. kvartal 2015Endring i prosent
Mars 2014 - Mars 20151. kvartal 2014 - 1. kvartal 2015
Opna konkursar i alt460-1,91 294-0,4
Føretakskonkursar337-0,99624,5
Personlege konkursar, inklusive einskildpersonføretak123-4,7332-12,2
 
Konkursar innanfor byggje- og anleggsverksemd1320,83610,6
Konkursar innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner83-18,6275-11,0
Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal

Oppland, Aust-Agder og Finnmark var fylka med den største prosentvise nedgangen, med høvesvis 38, 28 og 26 prosent færre konkursar samanlikna med det første kvartalet i fjor. Den største prosentvise auken finn vi i Sogn og Fjordane kor talet på konkursar dobla seg. I Nordland og Buskerud var det høvesvis 81 og 40 prosent fleire konkursar. Også oppgangen i absolutte tal var størst i desse tre fylka med 13, 34 og 21 fleire konkursar.

Tre av fire konkursar, i alt 962, var føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. 26 prosent av føretakskonkursane var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner. Dei resterande 332 konkursane var personlege konkursar og einskildpersonføretak. 41 prosent av desse føretaka dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd.