222262_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/kvartal
222262
Nedgang i talet på konkursar
statistikk
2015-08-05T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false
Statistikken viser antall konkurser per kvartal - etter foretak, næring og fylke. I 2. kvartal 2015 var det 1 165 konkurser, 8 prosent færre enn på samme tid året før.

Opna konkursar2. kvartal 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i talet på konkursar

I 2. kvartal 2015 blei det opna 1 165 konkursar, 8 prosent færre enn i det same kvartalet i 2014. Hordaland, Hedmark og Oppland var fylka med den største prosentvise nedgangen: høvesvis 33, 28 og 22 prosent færre konkursar enn i 2. kvartal i fjor.

Opna konkursar
Juni 2015Endring i prosent2. kvartal 2015Endring i prosent
Juni 2014 - Juni 20152. kvartal 2014 - 2. kvartal 2015
Opna konkursar i alt392-13,51 165-8,1
Føretakskonkursar304-5,0866-1,3
Personlege konkursar, inklusive einskildpersonføretak88-33,8299-23,5
 
Konkursar innanfor byggje- og anleggsverksemd89-27,0318-12,6
Konkursar innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner90-9,1274-1,1
Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal

Den største prosentvise auken finn vi i Sør-Trøndelag og Buskerud. Her var det respektive 60 og 23 prosent fleire konkursar. Også oppgangen i absolutte tal var størst i desse to fylka: 28 og 15 fleire konkursar.

Tre av fire konkursar, i alt 866, var føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. 28 prosent av føretakskonkursane var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner. Dei resterande 299 konkursane var personlege konkursar og einskildpersonføretak. 38 prosent av einskildpersonføretaka som blei slegne konkurs, dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Det blei opna totalt 2 459 konkursar i dei seks fyrste månadene i år. Det er 4 prosent færre enn i den same perioden i 2014.