Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre til skifteretten i fjor
Det vart registrert færre opna konkursar i 2015 enn året før. Også talet på konkursar i 4. kvartal i fjor gjekk ned frå same periode i 2014.
Desember 2015 | Endring i prosent | 4. kvartal 2015 | Endring i prosent | |
---|---|---|---|---|
Desember 2014 - Desember 2015 | 4. kvartal 2014 - 4. kvartal 2015 | |||
Opna konkursar i alt | 339 | -17,1 | 1 124 | -6,4 |
Føretakskonkursar | 251 | -18,8 | 848 | -4,8 |
Personlege konkursar, inklusive einskildpersonføretak | 88 | -12,0 | 276 | -11,0 |
Konkursar innanfor byggje- og anleggsverksemd | 101 | -8,2 | 322 | 4,2 |
Konkursar innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner | 69 | -20,7 | 243 | -10,0 |
Totalt vart det opna 4 462 konkursar i 2015. Dette er 7 prosent, eller 341, færre enn i året før. Aust-Agder, Oppland og Troms var fylka med den største prosentvise nedgangen, med høvesvis 37, 25 og 20 prosent færre konkursar samanlikna med 2014. Den største nedgangen i absolutte tal finn vi i Oslo, Rogaland og Aust-Agder, med høvesvis 98, 52 og 48 færre konkursar.
I Sogn og Fjordane, Nordland, Telemark, Møre og Romsdal, samt Buskerud vaks talet på konkursar i fjor. Med ein auke på 23 prosent, eller 52 fleire konkursar, var Buskerud fylket der talet på konkursar gjekk mest opp, både i relative og absolutte tal.
Tre av fire konkursar, i alt 3 328, var føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. 26 prosent av føretakskonkursane var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner. Dei resterande 1 134 konkursane var einskildpersonføretak og personlege konkursar. 40 prosent av desse var innanfor byggje- og anleggsverksemd.
Det vart opna totalt 1 124 konkursar i 4. kvartal i fjor. Det er 6 prosent færre enn i den same perioden i 2014.
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47