Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis færre konkursar
I 1. kvartal 2016 blei det opna 1 163 konkursar, 10 prosent færre enn i den same perioden året før. Sogn og Fjordane, Nordland og Troms var fylka med den største prosentvise nedgangen.
Mars 2016 | Endring i prosent | 1. kvartal 2016 | Endring i prosent | |
---|---|---|---|---|
Mars 2015 - Mars 2016 | 1. kvartal 2015 - 1. kvartal 2016 | |||
Opna konkursar i alt | 422 | -8,3 | 1 163 | -10,1 |
Føretakskonkursar | 310 | -8,0 | 854 | -11,2 |
Personlege konkursar, inklusive einskildpersonføretak | 112 | -8,9 | 309 | -6,9 |
Konkursar innanfor byggje- og anleggsverksemd | 123 | -6,8 | 342 | -5,3 |
Konkursar innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner | 83 | 0,0 | 234 | -14,9 |
I Sogn og Fjordane var nedgangen på 50 prosent frå 1. kvartal i fjor, mens den var på 43 prosent i Nordland og 41 prosent i Troms.
Nedgangen i absolutte tal var størst i Nordland, Akershus og Oslo med respektive 33, 31 og 25 færre konkursar samanlikna med 1. kvartal i 2015.
I seks fylke gjekk talet på konkursar opp. Den største prosentvise auken finn vi i Aust-Agder og Hordaland med høvesvis 48 og 21 prosent fleire konkursar. Hordaland er òg fylket med den største oppgangen i absolutte tal med 27 fleire konkursar.
Tre av fire konkursar, i alt 854, var føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. Dei fleste føretakskonkursane var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner, samt byggje- og anleggsverksemd med 25 prosent kvar.
Dei resterande 309 konkursane var einskildpersonføretak og personlege konkursar. 42 prosent av desse var innanfor byggje- og anleggsverksemd.
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47