Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire gjekk konkurs
Etter ein stadig nedgang i talet på konkursar sidan starten av 2015 er det no fleire konkursar igjen. I 2. kvartal 2016 blei det opna 1 352 konkursar. Det er 16 prosent fleire enn i den same perioden året før.
Juni 2016 | Endring i prosent | 2. kvartal 2016 | Endring i prosent | |
---|---|---|---|---|
Juni 2015 - Juni 2016 | 2. kvartal 2015 - 2. kvartal 2016 | |||
Opna konkursar i alt | 481 | 22,7 | 1 352 | 16,1 |
Føretakskonkursar | 338 | 11,2 | 956 | 10,4 |
Personlege konkursar, inklusive einskildpersonføretak | 143 | 62,5 | 396 | 32,4 |
Konkursar innanfor byggje- og anleggsverksemd | 142 | 59,6 | 419 | 31,8 |
Konkursar innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner | 101 | 12,2 | 259 | -5,5 |
I Hordaland, Hedmark og Aust-Agder var den prosentvise auken størst. Der ble det registrert høvesvis 80, 55 og 50 prosent fleire konkursar. Hordaland er òg fylket med den sterkaste veksten i absolutte tal med i alt 81 fleire konkursar.
I seks fylke gjekk talet på konkursar ned. Kraftigast var nedgangen i Sogn og Fjordane med 39 prosent.
Sju av ti konkursar, i alt 956, var føretakskonkursar. Føretakskonkursar omfattar ikkje einskildpersonføretak. Dei fleste føretakskonkursane var innanfor varehandel og byggje- og anleggsverksemd: rundt 25 prosent i kvar.
Dei resterande 396 konkursane var einskildpersonføretak og personlege konkursar. Nær halvparten av desse var innanfor byggje- og anleggsverksemd.
I dei fyrste seks månadene i 2016 har det blitt opna 2 515 konkursar. Dette er 2 prosent fleire enn i den same perioden i fjor.
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47