Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Liten oppgang i talet på konkursar i 2016
I 4. kvartal 2016 blei det registrert færre konkursar enn i den same perioden i 2015, men for heile 2016 var det fleire konkursar enn året før.
Desember 2016 | Endring i prosent | 4. kvartal 2016 | Endring i prosent | |
---|---|---|---|---|
Desember 2015 - Desember 2016 | 4. kvartal 2015 - 4. kvartal 2016 | |||
Opna konkursar i alt | 272 | -19,8 | 1 031 | -8,3 |
Føretakskonkursar | 220 | -12,4 | 785 | -7,4 |
Personlege konkursar, inklusive einskildpersonføretak | 52 | -40,9 | 246 | -10,9 |
Konkursar innanfor byggje- og anleggsverksemd | 65 | -35,6 | 276 | -14,3 |
Konkursar innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner | 70 | 1,4 | 228 | -6,2 |
Det blei opna 4 544 konkursar i 2016, ein oppgang på 1,8 prosent frå året før. I Hordaland, Aust-Agder og Rogaland var den prosentvise auken størst. Der blei det registrert høvesvis 28, 22 og 19 prosent fleire konkursar. Hordaland er òg fylket med den største veksten i absolutte tal, med i alt 132 fleire konkursar.
Sju av ti konkursar, i alt 3 308, var føretakskonkursar. Dei fleste var innanfor byggje- og anleggsverksemd og varehandel, med 25 prosent i kvar. Dei resterande 1 236 konkursane var einskildpersonføretak og personlege konkursar. 41 prosent av desse var innanfor byggje- og anleggsverksemd.
Det blei opna 1 031 konkursar i 4. kvartal i fjor. Det er 8 prosent færre enn i den same perioden i 2015.
Kontakt
-
Harald Fondevik
E-post: harald.fondevik@ssb.no
tlf.: 40 90 24 47