Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka verdi på gjeld i utlandet
Dei ikkje-finansielle føretaka hadde meir gjeld i utlandet i fjor enn året før. Verdien på den totale gjelda steig med 3 prosent frå 2011 til 2012.
Mill. kr | Prosent | ||
---|---|---|---|
2012 | 2011 - 2012 | 2009 - 2012 | |
1Frå og med regnskapsåret 2012 er det innført ny institusjonell sektorgruppering. Dette kan påverke samanlikninga med tidlegare periodar. | |||
2Tala er førebelse. | |||
Eigedelar i alt | 1 563 210 | 0,3 | 21,8 |
Anleggsmidlar | 1 120 658 | 1,3 | 20,4 |
Omløpsmidlar | 442 553 | -2,1 | 25,5 |
Gjeld i alt | 1 183 920 | 3,0 | 19,1 |
Langsiktig gjeld | 748 896 | 0,4 | 14,8 |
Kortsiktig gjeld | 435 024 | 7,9 | 27,5 |
I Europa auka norske ikkje-finansielle føretaks gjeld med om lag 8 prosent, eller 62 milliardar kroner. I dei fleste andre kontinenta gjekk gjelda ned. Totalt hadde norske ikkje-finansielle føretak gjeld i utlandet til ein verdi av 1 184 milliardar kroner i 2012.
Auke i den konserninterne gjelda
Størst del av norske føretaks utanlandske gjeld var i Europa, og det var i Belgia at gjelda var størst. Både langsiktig og kortsiktig gjeld til selskap i same konsern auka. Samstundes gjekk norske føretaks gjeld til utanlandske kredittinstitusjonar ned med 10 prosent frå 2011.
Eigedelar i utlandet uendra
Totale eigedelar i utlandet var nesten uendra frå 2011 til 2012, og var 1 563 milliardar kroner i 2012.
Ny institusjonell sektorgruppering verkar inn på samanlikninganeÅpne og lesLukk
Frå og med rekneskapsåret 2012 er det innført ny institusjonell sektorgruppering. Dette kan verke inn når ein skal samanlikne med tidlegare periodar.
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering
Kontakt
-
Glenn Cato Andersen
E-post: glenn.andersen@ssb.no
tlf.: 40 90 24 37
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35
-
Simen Jansen Maal
E-post: simen.maal@ssb.no
tlf.: 21 09 42 17