Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Verdiauke på norske eigedelar i utlandet
Norske føretak sine totale eigedelar i utlandet auka med 3,3 prosent frå 2012 til 2013. Verdien på dei totale eigedelane var ved utgangen av 2013 på 1 606 milliardar kroner.
Mill. kr | Prosent | ||
---|---|---|---|
2013 | 2012 - 2013 | 2010 - 2013 | |
1Frå og med regnskapsåret 2012 er det innført ny institusjonell sektorgruppering. Dette kan påverke samanlikninga med tidlegare periodar. | |||
2Tala er førebelse. | |||
Eigedelar i alt | 1 606 481 | 3,3 | 10,1 |
Anleggsmidlar | 1 195 824 | 4,6 | 18,7 |
Omløpsmidlar | 410 657 | -0,2 | -9,0 |
Gjeld i alt | 1 310 460 | 4,4 | 17,6 |
Langsiktig gjeld | 900 053 | 13,2 | 29,5 |
Kortsiktig gjeld | 410 406 | -10,8 | -2,1 |
Medan omløpsmidlane i utlandet var så godt som uendra, var det anleggsmidlane som sto for verdiauken, med ein vekst på 4,6 prosent. Auke i ‘investeringar i utanlandske dotterselskap, med meir’ og ‘lån til føretak i same konsern’ bidrog til den totale veksten.
Stor auke i eigedelar i Europa
I Europa auka dei totale eigedelane med 8,1 prosent, om lag 78 milliardar kroner. Den største delen av norske føretak sine eigedelar låg i Belgia, men samanlikna med 2012 var verdien her 4,5 prosent lågare i 2013. I den same perioden auka eigedelane i Sverige, Storbritannia og Nederland, alle med meir enn 10 prosent.
I Asia, Afrika og Sør-Amerika gjekk også verdien på totale eigedaler opp, medan Nord- og Mellom-Amerika og Oseania hadde ein nedgang i verdiane.
Gjelda overfor utlandet aukar
Den totale gjelda til utlandet auka med 4,4 prosent frå 2012, og var ved utgangen av 2013 på 1 310 milliardar kroner.
Ny institusjonell sektorgruppering verkar inn på samanlikninganeÅpne og lesLukk
Frå og med rekneskapsåret 2012 er det innført ny institusjonell sektorgruppering. Dette kan verke inn når ein skal samanlikne med tidlegare periodar.
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering
Kontakt
-
Glenn Cato Andersen
E-post: glenn.andersen@ssb.no
tlf.: 40 90 24 37
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35
-
Simen Jansen Maal
E-post: simen.maal@ssb.no
tlf.: 21 09 42 17