215752_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
215752
Noko høgare utvandring i 3. kvartal
statistikk
2015-11-13T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
true
Statistikken inneheld endringstal i folkemengd per kvartal. Folketalet i Noreg var 5 205 434 1. oktober.

Folkemengde og befolkningsendring3. kvartal 2015

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Noko høgare utvandring i 3. kvartal

1. oktober i år var 5 205 400 personar registrert busette her i landet, og folketalet voks med 16 000, eller 0,3 prosent, i 3. kvartal i år. 11 100 utvandra, det var 2 900 fleire enn i same kvartal i fjor. Asylsøkjarar som ikkje har fått opphaldsløyve er ikkje med i statistikken.

Folkemengd og endringane i kvartalet
3. kvartal 20153. kvartal 2014Endringar frå tilsvarande periode året før
Antal
Folketalet ved inngangen av kvartalet5 189 4355 137 67951 756
Fødde15 96215 579383
Døde9 3719 747-376
Fødselsoverskot6 5915 832759
Innvandring20 48421 111-627
Utvandring11 0768 1712 905
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring9 40812 940-3 532
Folkevekst15 99918 772-2 773
Folketalet ved utgangen av kvartalet5 205 4345 156 45148 983

Nettoinnvandringa var 9 400, som er 3 500 lågare enn i 3. kvartal 2014. Årsaka er om lag 600 færre innvandringar og 2 900 fleire utvandringar enn i tilsvarande kvartal i fjor. Det var den lågaste nettoinnvandringa i 3. kvartal sidan 2006. Fødselsoverskotet på 6 600 var nær 760 høgare enn i 3. kvartal i fjor.

Asylsøkjarar som enno ikkje har fått opphaldsløyve i Noreg vert ikkje registrert som busette i folkeregisteret og er ikkje registrerte som innvandra. Vi må vente på at Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått handsama søknadene frå haustens store straum av asylsøkjarar før dei vert synlege i befolkningsstatistikken.

Meir informasjon og statistikk om asylsøkjarar, finn ein på UDI si nettside.

Størst innvandring av polske, svenske og syriske statsborgarar

Nok ein gong var polakkane klårt største gruppe av dei utanlandske statsborgarane som innvandra, og var om lag like mange som dei to neste gruppene, svenske og syriske statsborgarar, samla. Den fjerde største gruppa som innvandra i tredje kvartal var statsborgarar frå Litauen.

Størst utvandring av svenske og polske statsborgarar

Utvandringa av utanlandske statsborgarar i 3. kvartal var noko høgare enn tilsvarande kvartal tidlegare år. Svenske og polske statsborgarar var og av dei klårt største gruppene av dei utanlandske statsborgarane som utvandra, 1 200 svenske og 800 polske statsborgarar. Som i andre kvartal både i år og i fjor, var det fleire svenske statsborgarar som utvandra enn innvandra. For dei andre store gruppene av innvandrarar til Noreg, polske, litauiske, og syriske statsborgarar, er det fortsatt høgare innvandring enn utvandring.

Høgare fødselsoverskot

Fødselsoverskotet var 6 600 i 3. kvartal, og det har ikkje vore høgare i tilsvarande kvartal sidan 2009. Det vart født nær 16 000 born, medan om lag 9 400 personar døydde.

Tolv av fylka hadde innanlandsk nettoutflytting

Tolv av fylka hadde innanlandsk flyttetap, medan syv hadde flyttevinst. Største nettoinnflyttinga hadde Akershus/Oslo, med 2 400 samla. Dei to fylka som hadde klårt størst innanlandsk flyttetap var Nordland og Rogaland med om lag 700 kvar seg.

Blant fylka med høgast nettoinnvandring frå utlandet, i høve til folketalet, finn ein alle dei tre nordlegaste fylka og dei to fylka nord på vestlandet: Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Alle desse fylka hadde ei nettoinnvandring på 0,3 prosent av folketalet.

Registrert låg folkevekst hittil i år

Folketalet auka med 39 600 i dei tre fyrste kvartala i år, noko som er nær 7 800 færre enn i dei tre fyrste kvartala førre året. Oslo og Akershus hadde størst vekst med 16 600 personer i dei tre kvartala, noko som var om lag 2 200 lågare enn førre året. Det er veksten i Oslo spesielt, som var lågare, med 1,4 prosent i 3. kvartal i år, mot 1,8 prosent i same kvartal i fjor.

I dei tre fyrste kvartala i år, vart det født 45 800 born, dryge 100 fleire enn førre året. Talet er likevel lågare enn i toppåra 2008-2010, då opp mot 47 400 born vart fødde i dei tre fyrste kvartala. Talet på dei som døydde er til no i år 30 500, noko som er nær 640 fleire enn i fjor.

Opprydding i folkeregisteretÅpne og lesLukk

Personar som er i landet kortare enn seks månader vert ikkje registrerte og er difor ikkje rekna med i desse tala. Skattedirektoratet har ei pågåande opprydding i Det sentrale folkeregisteret som utregistrerar personar som har flytta frå landet for lengre tid sida utan å melde frå til folkeregisteret. Dei siste åra har ei slik opprydding vore vanleg.

AsylsøkjararÅpne og lesLukk

Det er berre personer med registrert flytting dei siste seks månadene som er med i statistikken. Asylsøkjarar er ikkje med, men desse tala kan ein finne på UDI si nettside.