98822
statistikk
2013-05-14T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengd og befolkningsendringar, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingFødte og døde, Befolkning, Folketall, Flytting, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengd og befolkningsendringar1. kvartal 2013

Innhald

Lågare vekst i folketalet

I 1. kvartal 2013 auka folketalet med 12 400, til 5 063 700. Ein må tilbake til 1. kvartal i 2007 for å finne lågare folkevekst. Den låge veksten kjem spesielt av nedgang i nettoinnvandringa, men fødselsoverskottet gjekk òg ned samanlikna med 1. kvartal dei tre førre åra.

Folkemengd og endringene i kvartalet
1. kvartal 2013 1. kvartal 2012 - 1. kvartal 2013
Antal Prosent
Folketalet ved inngangen av kvartalet 5 051 275 65 405 1,3
Fødde 14 168 -588 -4,0
Døde 11 363 62 0,5
Fødselsoverskot 2 805 -650 -18,8
Innvandring 18 948 -1 217 -6,0
Utvandring 9 319 2 771 42,3
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring 9 629 -3 988 -29,3
Folkevekst 12 434 -4 638 -27,2
Folketalet ved utgangen av kvartalet 5 063 709 60 767 1,2
Fødselsoverskott, nettoinnflytting og folketilvekst, 1. kvartal. 1983-2013
Nettoinnflytting. Innalandsk og frå utlandet per 1 000 av folkemengda. 1. kvartal 2013
Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. 1. kvartal 2013
Fødselsoverskott, nettoinnflytting og folketilvekst, 1. kvartal. 1983-2013Nettoinnflytting. Innalandsk og frå utlandet per 1 000 av folkemengda. 1. kvartal 2013Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. 1. kvartal 2013

Det var vel 18 900 innvandringar og 9 300 utvandringar i 1. kvartal i år, og flytteoverskottet overfor utlandet blei dermed 9 600. Samanlikna med tilsvarande kvartal i fjor var det vel 1 200 færre innvandringar og 2 800 fleire utvandringar.

Mange av dei 9 300 utvandringane, truleg så mange som 3 000–4 000, gjeld personar som har flytta for lengre tid sidan, men ikkje har meldt frå til folkeregisteret. Desse utvandringane har no ”hopa” seg opp i statistikken av di Skatteetaten har ein pågåande opprydding i Det sentrale folkeregisteret som utregistrerer desse personane. Dei siste åra har denne typen opprydding vore vanleg, men den har omfatta langt fleire utvandringar i dette kvartalet.

Det blei født 14 200 barn i 1. kvartal, og 11 400 personar døde. Det er 590 færre fødde og 60 fleire døde enn i fjor. Fødselsoverskottet på 2 800 blei dermed om lag 650 lågare enn førre året, og ein må tilbake til 2005 for å finne lågare tal. Frå 2005 til 2013 har fødselsoverskottet i 1. kvartal variert mellom 2 700 og 4 100.

Folketalet voks mest i Oslo

Oslo skilde seg ut med stor folkevekst i 1. kvartal, både i absolutte tal og sett i høve til folketalet, med ein folkevekst på nærare 3 000. Ikkje langt unna ein firedel av den samla folkeveksten i landet stod Oslo for.

Alle fylka i landet, bortsett frå Telemark og Sogn og Fjordane, hadde folkevekst i 1. kvartal. I fylka Hedmark og Oppland var folkeveksten så liten at folketalet var omtrent uendra frå 1. januar til 1. april.

Oslo og Rogaland hadde det største fødselsoverskottet sett i høve til folketalet. Fem fylke hadde fødselsunderskott. Det var Hedmark, Oppland, Vestfold, Telemark og Nordland. I høve til folketalet var fødselsunderskottet størst i dei to innlandsfylka.

Framleis mange polakkar til Noreg

Av dei med utanlandsk statsborgarskap som innvandra til Noreg, var det framleis flest polakkar. Nærare 3 000 polakkar kom til Noreg i 1. kvartal, som er om lag 500 færre enn i fjor. Dei andre større gruppene som flytta hit i 1. kvartal var litauarar og svenskar, begge med 1 600 innvandringar.

Svenskane stod for flest utvandringar blant dei utanlandske statsborgarane i 1. kvartal med vel 1 000 utvandringar, noko som ga eit flytteoverskott på vel 500. Størst flytteoverskott hadde gruppene med polske og litauiske statsborgarar i 1. kvartal med vel 2 000 og vel 1 300. Etter svenskane var det flest polakkar som utvandra, i alt 950.

Innalandsk flyttetap i mange fylke

Tolv fylke hadde flyttetap til andre fylke. Flyttetapet var størst i Nordland og Møre og Romsdal med respektive 310 og 280 fleire ut- enn innflyttingar. Sett i høve til folketalet hadde Sogn og Fjordane og Finnmark det største innanlandske flyttetapet.

Sju fylke hadde flyttevinst sett i høve til andre fylke i 1. kvartal. Klart størst vinst i høve til folketalet hadde Østfold og Oslo.

Flyttevinst frå utlandet i alle fylka

Alle fylka hadde flyttevinst frå utlandet. I Oslo var samla flyttevinst på 1 400. Rogaland og Hordaland hadde flyttevinst på noko over 1 000 kvar. I høve til folketalet var det Finnmark og Troms som hadde det største overskottet frå flytting over landegrensene.