Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Digital bruk aukar
Den digitale bruken av fag- og forskingsbiblioteka aukar stadig. Samstundes går den tradisjonelle bruken ned. I 2015 vart det lasta ned om lag 26 millionar dokument, noko som utgjer vel 86 prosent av bruken av fag- og forskingsbiblioteka.
2014 | 2015 | Prosentvis endring | |
---|---|---|---|
2014 - 2015 | |||
Rettet 10. januar 2017. | |||
Nedlastingar (millionar) | 24,2 | 26,0 | 7,8 |
Utlån på biblioteka (millionar) | 2,0 | 1,8 | -7,3 |
Medieutgifter (1000 kr) | 462 421 | 487 686 | 5,5 |
Årsverk for året i alt | 1 637 | 1 648 | 0,7 |
Formalisert undervisning deltaking | 89 949 | 101 961 | 13,4 |
Fag- og forskingsbibliotek er bibliotek som kan vere ein del av eit universitet, ein høgskule eller eit forskingsinstitutt. Desse er oppretta for å gje tenestar til studentar, lærarar, forskarar eller tilsette ved den institusjonen biblioteket er ein del av. For dei 190 fag- og forskingsbiblioteka som dannar grunnlaget for statistikken, vart det lasta ned 26 millionar dokument i 2015 mot vel 24 millionar året før. Dette utgjer ein auke på nesten åtte prosent. Nedlastingane gjeld både frå fulltekstdatabasar og frå institusjonsarkiv. Ser vi bare på fulltekstdatabasar, har auken vore på nesten 17 prosent frå 2014 til 2015.
Færre utlån
I 2015 vart det lånt ut 1,6 millionar bøker og anna bibliotekmateriale i fysisk form på fag- og forskingsbiblioteka, ein nedgang på vel syv prosent frå året før. Førstegongslån og fornying av lån utgjorde kvar vel fem prosent av nedlastingar og utlån. Fjernlån stod for vel to prosent.
Fleire deltakingar på formalisert undervisning
Fag- og forskingsbiblioteka gjennomfører grunnkurs og avanserte kurs i bibliotekbruk og nytting av fulltekstdatabaser. Bibliotek ved universitet, høgskular og vitskapelege høgskular har rapportert tal på formalisert undervisning sidan 2013. I 2015 vart det registrert nær 102 000 deltakingar ved slike kurs, ein auke på over 13 prosent frå 2014.
Auke i medieutgifter
Frå 2014 til 2015 auka medieutgiftene i fag- og forskingsbiblioteka med 6 prosent. Biblioteka brukte totalt 488 millionar kroner til kjøp av både fysisk og digitalt bibliotekinnhald i 2015. Dette utgjorde om lag 26 prosent av utgiftene til fag- og forskingsbiblioteka.
Kontakt
-
Elisabeth Haraldsrud
E-post: elisabeth.haraldsrud@ssb.no
tlf.: 40 81 15 00
-
Line Gjermshusengen
E-post: line.gjermshusengen@ssb.no
tlf.: 40 81 13 46
-
Hilde Sofie Frydenberg
E-post: hilde.frydenberg@ssb.no
tlf.: 40 81 13 50