Auka skatteinnbetalingar i første halvår

Publisert:

I første halvår 2017 blei det betalt inn 424 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det er om lag 11 milliardar meir enn i den same perioden i fjor.

 

Innbetalingar frå personlege skattytarar utgjorde 325 milliardar kroner, eller om lag 77 prosent av all skatt betalt i første halvår.

 

91 milliardar til kommunane

 

Av dei 325 milliardane var 85 milliardar skatt til staten, 150 milliardar innbetalingar til folketrygda og 91 milliardar skatt til kommuneforvaltninga. Innbetalingar frå personlege skattytarar har auka med 1,6 prosent frå første halvår i fjor.

Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - juni akkumulert. Prosentvis endring
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - juni akkumulert. Prosentvis endring
2016-2017 2015-2016
Sum fylker unnateke kontinentalsokkelen 5.2 2.7
Finnmark Finnmárku 3.9 3.5
Troms Romsa 5.6 9.0
Nordland 6.8 5.6
Nord-Trøndelag 3.4 4.4
Sør-Trøndelag 0.6 3.9
Møre og Romsdal 0.3 -1.0
Sogn og Fjordane 3.7 3.2
Hordaland 2.1 1.2
Rogaland -6.3 1.6
Vest-Agder -6.2 2.5
Aust-Agder 1.5 3.6
Telemark 5.0 1.6
Vestfold 1.2 4.6
Buskerud 2.4 2.6
Oppland 2.6 2.8
Hedmark 2.5 5.0
Oslo 19.8 1.0
Akershus 4.1 4.3
Østfold 2.5 6.5

Fortsatt nedgang i petroleumsskattane

Til no i år er det betalt til saman 26 milliardar kroner i petroleumsskatt. Dette er ein nedgang på 24,1 prosent frå første halvår i fjor. Innbetalingar av petroleumsskatt har gått ned kvart år sidan 2013. Det året blei det betalt inn 119 milliardar i petroleumsskatt i perioden frå januar til juni.

Figur 2. Samlet skatt på utvinning av petroleum i prosent av totale skatteinnbetalingar
Figur 2. Samlet skatt på utvinning av petroleum i prosent av totale skatteinnbetalingar
Andel
Des. 2008 31.7
Jun. 2009 25.6
Des. 2009 23.8
Jun. 2010 17.9
Des. 2010 22.1
Jun. 2011 21.4
Des. 2011 25.8
Jun. 2012 24.4
Des. 2012 26.9
Jun. 2013 25.1
Des. 2013 23.5
Jun. 2014 20.6
Des. 2014 20.3
Jun. 2015 15.8
Des. 2015 13
Jun. 2016 8.2
Des. 2016 5.4
Jun. 2017 6.1
 

 

 

Kontakt

Error occured rendering window "Artikkelside - faktaside inngang" (key 225) while handling request to site path: /0/offentlig-sektor/artikler-og-publikasjoner/auka-skatteinnbetalingar-i-forste-halvar?id=106&key=316194&profilertSeksjon=126&sidetype=artikler