12334_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/pif/arkiv
12334
Prisnedgang på straum og matvarer
statistikk
2010-06-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser
no
pif, Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands, prisutvikling, inflasjon, engrosprisindeksen, hjemmemarked, importmarked, varegrupper (for eksempel matvarer, kjemiske produkter, maskiner)Produsent- og engrosprisindekser, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands15. mai 2010

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisnedgang på straum og matvarer

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands gjekk ned 0,7 prosent frå april til mai som følgje av lågare prisar på straum, mineralolje og mineraloljeprodukt samt matvarer. Auka råvareprisar har medverka til å dempe nedgangen i den totale indeksen.

;>Prisutvikling for utvalde varegrupper. 2000=100

Etter skyhøge straumprisar i vinter har straumprisane falle, og nedgangen heldt fram i mai med eit fall på 11,3 prosent. Hovudårsaka til prisnedgangen i mai var lågare etterspurnad etter straum og dermed lågare systemprisar på Nord Pool, samt billigare straum til hushalda (sjå konsumprisindeksen for meir informasjon ). Prisane på mineralolje og mineraloljeprodukt gjekk ned med 2,9 prosent denne månaden, og prisfallet var høgast på heimemarknaden.

Matvarer er ei anna gruppe som medverka til nedgangen i den samla PIF i mai. Her var det først og fremst prisane på grønsaker og frukt, samt fisk og fiskevarer som fall kraftig i mai. Prisreduksjon på grønsaker og frukt var stor på importmarknaden og kjem av høgare produksjon av frukt og grønt i Europa.

Prisane på råvarer (ikkje etande) eksklusive brenselstoff steig med 7,3 prosent frå april til mai. Blant råvarene har det vore stigande prisar sidan mai 2009. I mai var råvareindeksen like høg som i juni 2007, då den var på sitt høgaste registrerte nivå nokon gong. Det er i hovudsak malm og avfall av metall, samt papirmasse og papiravfall som har medverka til prisauken i denne gruppa. Malm og avfall av metall har auka mest på importmarknaden, medan papirmasse og papiravfall har auka på både heime- og importmarknadene.

Høgare prisar i mai 2010 enn i mai 2009

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands auka med 6,2 prosent frå mai 2009 til mai 2010. Kraftig auke prisane på straum, mineralolje og mineraloljeprodukt, malm og avfall av metall samt metall (ikkje jern og stål) var hovudårsaka til tolvmånadersveksten i PIF.

Prisane på maskinar og transportmiddel gjekk derimot ned med 3,9 prosent i same tolvmånadersperioden. Ei mogleg forklaring på dette kan vere at den norske krona var sterkare i år enn i same perioden i fjor.

Sjølv om matvareprisane gjekk ned den siste månaden, har prisane på matvarer auka med 3,1 prosent frå mai 2009. Veksten i matvareprisane har vore kraftigare sidan byrjinga på 2005 enn tidligare år og fortstette også i 2010.

Prisindeks for førstegangsomsetning innenlands. 2000=100
  Mai 2010 Endring i prosent
  April 2010-mai 2010 Mai 2009-mai 2010
Totalindeks  136,7 -0,7 6,2
Matvarer og levende dyr  127,5 -0,9 3,1
Drikkevarer og tobakk  137,7 -0,5 3,0
Råvarer (ikke spiselige) ekskl. brenselsstoffer  139,0 7,3 33,5
Brenselsstoffer, smøreoljer, elektrisk strøm  203,9 -5,6 23,7
Kjemiske produkter  127,5 0,6 -2,4
Bearbeidede varer  126,7 0,5 4,7
Maskiner og transportmidler  102,0 -0,2 -3,9
Forskjellige ferdige varer  108,3 -0,2 -0,8