84341_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
84341
Stadig fleire nye føretak
statistikk
2012-09-04T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak2. kvartal 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig fleire nye føretak

Det vart registrert 13 684 nye føretak i 2. kvartal 2012. Dette er ein auke på 15,4 prosent samanlikna med 2. kvartal 2011.

Totalt vart det registrert 29 963 nye føretak i dei to første kvartala i 2012. Dette er 13,8 prosent fleire føretak enn i den same perioden i 2011.

Talet på nye aksjeselskap (AS) gjekk opp med 60 prosent frå 2. kvartal 2011 til 2. kvartal 2012. I den same perioden gjekk talet på nye norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) ned med 65 prosent. I 2. kvartal 2012 vart berre 2 prosent av dei nye føretaka registrerte som NUF, mot 7 prosent i 2. kvartal 2011. 43 prosent av dei nye føretaka i 2. kvartal 2012 var AS, mot 31 prosent i 2. kvartal 2011.

Det vart registrert flest nye føretak innan byggje- og anleggsverksemd, med 17 prosent. 14 prosent av dei nye føretaka vart registrert innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting, medan 12 prosent vart registrert innanfor varehandel. I 2. kvartal 2012 vart det registrert 27 prosent fleire nye føretak innan byggje- og anleggsverksemd samanlikna med 2. kvartal 2011.

Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning. I Statistikkbanken finn ein kommune- og fylkesfordelte tal etter næring og organisasjonsform.

Tabeller: