Nedgang i ledige stillingar
Publisert:
Talet på ledige stillingar gjekk ned med 5 600 frå 2. til 3. kvartal 2019. Nedgangen var størst innan varehandel, ei næring som har opplevd ein del svingingar dei siste kvartala.
- Tala er henta frå
- Ledige stillingar
- Artikkelen er del av serien
- Ledige stillingar (arkiv)
Talet på ledige stillingar gjekk ned med 5 600 frå 2. til 3. kvartal 2019, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar. Den sesongjusterte prosentdelen av ledige stillingar var på 2,4 i 3. kvartal 2019, ein nedgang på 0,2 prosentpoeng samanlikna med 2. kvartal same år.
Det sesongjusterte talet på ledige stillingar har variert ein del dei siste kvartala, og nedgangen dette kvartalet kjem etter det høgste nivået på ledige stillingar sidan 2010. Den langsiktige utviklinga, vist ved trendtalet i figur 1, viser at nedgangen i talet på ledige stillingar kjem etter ein periode med samanhengande auke frå 1. kvartal 2016.
Store svingingar dei siste kvartala
Talet på ledige stillingar innan varehandel gjekk ned med 3 200 i 3. kvartal, etter ein auke på 1 400 førre kvartal. I byggje- og anleggsverksemd gjekk talet på ledige stillingar ned med 900, mens det var ein auke på 800 førre kvartal. Desse to næringane stod for dei største endringane dei siste to kvartala.
Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte tal og trend
Sesongjustert | Trend | |
3. kv. 2010 | 65600 | 62800 |
4. kv. 2010 | 63200 | 63500 |
1. kv. 2011 | 66000 | 66500 |
2. kv. 2011 | 71500 | 70100 |
3. kv. 2011 | 70000 | 70500 |
4. kv. 2011 | 70200 | 69300 |
1. kv. 2012 | 66300 | 67200 |
2. kv. 2012 | 64900 | 64600 |
3. kv. 2012 | 63500 | 64100 |
4. kv. 2012 | 65700 | 65300 |
1. kv. 2013 | 64700 | 65900 |
2. kv. 2013 | 67500 | 65400 |
3. kv. 2013 | 61500 | 62000 |
4. kv. 2013 | 57400 | 58300 |
1. kv. 2014 | 59000 | 57800 |
2. kv. 2014 | 58800 | 58200 |
3. kv. 2014 | 57000 | 57500 |
4. kv. 2014 | 59800 | 57200 |
1. kv. 2015 | 57700 | 56700 |
2. kv. 2015 | 56400 | 55000 |
3. kv. 2015 | 52400 | 52800 |
4. kv. 2015 | 50400 | 51200 |
1. kv. 2016 | 53000 | 50700 |
2. kv. 2016 | 50900 | 52100 |
3. kv. 2016 | 55200 | 54100 |
4. kv. 2016 | 54400 | 56100 |
1. kv. 2017 | 55700 | 57600 |
2. kv. 2017 | 58700 | 59000 |
3. kv. 2017 | 60200 | 61100 |
4. kv. 2017 | 64400 | 63700 |
1. kv. 2018 | 65600 | 65900 |
2. kv. 2018 | 67900 | 67800 |
3. kv. 2018 | 72600 | 69000 |
4. kv. 2018 | 66100 | 69700 |
1. kv. 2019 | 72600 | 72300 |
2. kv. 2019 | 75700 | 74100 |
3. kv. 2019 | 70100 | 71700 |
Faktaside
Kontakt
-
Øyvind Bruer-Skarsbø
-
Mahari Tikabo
-
SSBs informasjonstjeneste