Nedgang i ledige stillingar
Publisert:
Talet på ledige stillingar gjekk ned med 1 200 frå 4. kvartal 2019 til 1. kvartal 2020. Tala fangar ikkje opp endringane på arbeidsmarknaden som følgje av dei nasjonale tiltaka for å redusera spreiinga av koronaviruset.
- Tala er henta frå
- Ledige stillingar
- Artikkelen er del av serien
- Ledige stillingar (arkiv)
Talet på ledige stillingar gjekk ned med 1 200 frå 4. kvartal 2019 til 1. kvartal 2020, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar. Den sesongjusterte prosentdelen av ledige stillingar var på 2,3 i 1. kvartal 2020.
Den langsiktige utviklinga, vist ved trendtalet i figur 1, viser ein nedgang i talet på ledige stillingar frå 2. kvartal i 2019. Dette kjem etter ein samanhengande auke sidan 1. kvartal 2016.
Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte tal og trend
Sesongjustert | Trend | |
1. kv. 2011 | 66000 | 66400 |
2. kv. 2011 | 71700 | 69600 |
3. kv. 2011 | 70000 | 70400 |
4. kv. 2011 | 70000 | 69300 |
1. kv. 2012 | 66300 | 67100 |
2. kv. 2012 | 65100 | 64500 |
3. kv. 2012 | 63400 | 64000 |
4. kv. 2012 | 65500 | 65000 |
1. kv. 2013 | 64700 | 65900 |
2. kv. 2013 | 67600 | 65600 |
3. kv. 2013 | 61500 | 62000 |
4. kv. 2013 | 57400 | 58200 |
1. kv. 2014 | 58900 | 57900 |
2. kv. 2014 | 59000 | 58300 |
3. kv. 2014 | 56800 | 57400 |
4. kv. 2014 | 59800 | 57100 |
1. kv. 2015 | 57700 | 56600 |
2. kv. 2015 | 56500 | 54700 |
3. kv. 2015 | 52200 | 52600 |
4. kv. 2015 | 50500 | 51100 |
1. kv. 2016 | 53000 | 50600 |
2. kv. 2016 | 50900 | 51900 |
3. kv. 2016 | 55000 | 53900 |
4. kv. 2016 | 54300 | 55900 |
1. kv. 2017 | 56000 | 57900 |
2. kv. 2017 | 58800 | 59200 |
3. kv. 2017 | 59900 | 60700 |
4. kv. 2017 | 64100 | 63500 |
1. kv. 2018 | 66100 | 66300 |
2. kv. 2018 | 68100 | 68300 |
3. kv. 2018 | 72100 | 68800 |
4. kv. 2018 | 65400 | 69200 |
1. kv. 2019 | 73200 | 71900 |
2. kv. 2019 | 76200 | 74200 |
3. kv. 2019 | 69800 | 72900 |
4. kv. 2019 | 70600 | 70200 |
1. kv. 2020 | 69400 | 67800 |
For 1. kvartal har denne statistikken referanseperiode i februar, noko som gjer at den ikkje fangar opp endringane i arbeidsmarknaden som følge av dei omfattande nasjonale tiltaka for redusera spreiinga av koronaviruset. Dei ble innført 13. mars.
Størst nedgang i transport og lagring
Talet på ledige stillingar innan transport og lagring gjekk ned med 1 800 frå 4. til 1. kvartal 2020. Samanlikna med året før, har det ikkje vore noko endring. I forretningsmessig tenesteyting gjekk ledige stillingar ned med 1 000 siste kvartal, og ned med 2 400 samanlikna med 1. kvartal førre år.
Faktaside
Kontakt
-
Øyvind Bruer-Skarsbø
-
Mahari Tikabo
-
SSBs informasjonstjeneste