Små endringar i talet på ledige stillingar
Publisert:
Talet på ledige stillingar gjekk opp med 900 frå 3. til 4. kvartal 2019. Mykje av auken kom i varehandel, ei næring som har hatt svingingar dei siste kvartala.
- Tala er henta frå
- Ledige stillingar
- Artikkelen er del av serien
- Ledige stillingar (arkiv)
Talet på ledige stillingar gjekk opp med 900 frå 3. til 4. kvartal 2019, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar. Den sesongjusterte prosentdelen av ledige stillingar var på 2,4 i 4. kvartal 2019, same nivå som kvartalet før.
Den langsiktige utviklinga, vist ved trendtalet i figur 1, viser ein nedgang i talet på ledige stillingar frå 3. kvartal i 2019. Dette kjem etter ein samanhengande auke sidan 1. kvartal 2016.
Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte tal og trend
Sesongjustert | Trend | |
4. kv. 2010 | 63200 | 63500 |
1. kv. 2011 | 66100 | 66500 |
2. kv. 2011 | 71500 | 70000 |
3. kv. 2011 | 70000 | 70500 |
4. kv. 2011 | 70200 | 69300 |
1. kv. 2012 | 66300 | 67200 |
2. kv. 2012 | 64900 | 64600 |
3. kv. 2012 | 63500 | 64100 |
4. kv. 2012 | 65600 | 65200 |
1. kv. 2013 | 64800 | 66000 |
2. kv. 2013 | 67500 | 65500 |
3. kv. 2013 | 61500 | 62000 |
4. kv. 2013 | 57400 | 58300 |
1. kv. 2014 | 59000 | 57900 |
2. kv. 2014 | 58800 | 58200 |
3. kv. 2014 | 56900 | 57400 |
4. kv. 2014 | 59700 | 57100 |
1. kv. 2015 | 57800 | 56700 |
2. kv. 2015 | 56400 | 55000 |
3. kv. 2015 | 52400 | 52800 |
4. kv. 2015 | 50300 | 51000 |
1. kv. 2016 | 53000 | 50400 |
2. kv. 2016 | 50900 | 51900 |
3. kv. 2016 | 55200 | 54000 |
4. kv. 2016 | 54200 | 55900 |
1. kv. 2017 | 55800 | 57600 |
2. kv. 2017 | 58700 | 59000 |
3. kv. 2017 | 60300 | 61000 |
4. kv. 2017 | 64200 | 63600 |
1. kv. 2018 | 65700 | 65900 |
2. kv. 2018 | 67900 | 67900 |
3. kv. 2018 | 72700 | 68900 |
4. kv. 2018 | 65800 | 69300 |
1. kv. 2019 | 72700 | 72100 |
2. kv. 2019 | 75700 | 74200 |
3. kv. 2019 | 70300 | 72600 |
4. kv. 2019 | 71200 | 69900 |
Størst auke i varehandel
Etter ein stor nedgang på 3 300 førre kvartal, auka talet på ledige stillingar innan varehandel med 1 900 i 4. kvartal. I pleie- og omsorgstenester auka talet på ledige stillingar med 1 600, etter ein nedgang på 600 førre kvartal.
Framleis nedgang i byggje- og anleggsverksemd
Talet på ledige stillingar i byggje- og anleggsverksemd var på 4 200 i 4. kvartal, ein nedgang på 1 100 frå førre kvartal. Nedgangen på 900 frå 2. til 3. kvartal held dermed frem.
Faktaside
Kontakt
-
Øyvind Bruer-Skarsbø
-
Mahari Tikabo
-
SSBs informasjonstjeneste