9819_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/arborg/arkiv
9819
Færre fagorganiserte
statistikk
2002-05-07T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Kultur og fritid
no
arborg, Fagforeiningsmedlemmer og streikar, fagorganisasjonar, fagorganiserte, medlemsbedrifterOrganisasjoner og medlemskap, Arbeidsmiljø, sykefravær og arbeidskonflikter, Arbeid og lønn, Kultur og fritid
false

Fagforeiningsmedlemmer og streikar2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre fagorganiserte

Talet på medlemer i dei landsomfattande arbeidstakarorganisasjonane var på knapt 1 474 000 personar per 31.12.2001. Dette er ein reduksjon på litt over 9 000 personar frå året før.

Av hovudsamanslutningane har Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS) hatt ein nedgang frå 242 000 medlemer i 2000 til 197 000 i 2001, medan Landsorganisasjonen i Noreg (LO) har hatt ein nedgang frå 813 000 til 796 000 medlemer i same periode. Nedgangen i YS skuldast først og fremst at Norsk helse- og sosialforbund har meldt seg ut av YS. UHO har totalt 215 000 medlemer der Utdanningsforbundet og Norsk Sjukepleiarforbund er dei største forbunda med 130 000 og 65 000 medlemer.

Dei fem store hovudsamanslutningane organiserer no om lag 90 prosent av medlemene i arbeidstakarorganisasjonane, mot 87 prosent i 2000.

Arbeidsgivarsamanslutningar

Blant arbeidsgivarsamanslutningane omfatta Næringslivets Hovudorganisasjon om lag 15 900 bedrifter med om lag 448 000 tilsette i 2001. Dette var ein auke på vel 300 bedrifter og 26 000 tilsette frå året før. Handels- og Servicenæringens Hovudorganisasjon auka talet på medlemsbedrifter frå 9 500 i 2000 til 9 600 i 2001, medan talet på tilsette i medlemsbedriftene har gått ned frå om lag 120 000 til om lag 114 000. Noregs Arbeidsgivarforening for verksemder med offentleg tilknyting (NAVO) har auka talet på medlemsbedrifter frå 143 i 2000 til 149 året etter. Talet på tilsette i medlemsbedriftene er nesten dobla og utgjer no 83 000 tilsette. Kommunenes sentralforbund har hatt ein nedgang i talet på medlemsbedrifter frå 955 i 2000 til 939 i 2001. Samstundes har talet på tilsette i medlemsbedriftene gått ned frå om lag 397 000 til om lag 342 000. Mykje av nedgangen kjem av at elektrisitetsverka har meldt seg ut av Kommunenes sentralforbund.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken omfattar arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar som hjelper sine medlemer med tariffavtalar og lønnsforhandlingar samt hovudsamanslutningane dei einskilde organisasjonane høyrer til. Organisasjonar som berre driv med spørsmål av rent fagleg art, er ikkje med i statistikken. Talet på medlemer i arbeidstakarorganisasjonar omfattar alle registrerte medlemer, også ikkje-yrkesaktive som studentar, pensjonistar med vidare. Statistikken omfattar talet på medlemer per 31.12.2001.

Tabeller: