Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
24 000 fleire fagorganiserte
Talet på medlemer i landsomfattande arbeidstakarorganisasjonar utgjorde vel 1 498 000 personar ved utgangen av 2002. Dette var ein auke på litt over 24 000 personar siste året.
Landsorganisasjonen i Noreg (LO) hadde vel 800 000 medlemer, medan Yrkesorganisasjonanes Sentralforbund (YS) hadde om lag 200 000 medlemer. Dette utgjorde ein auke på om lag 4 000 medlemer i LO og 3 000 i YS samanlikna med 2001. Utdanningsgruppenes Hovedorganisasjon (UHO) talte 223 000 medlemer eller 8 000 fleire enn året før. Akademikerne hadde 128 000 medlemer som var 6 000 fleire. Talet på medlemer utanfor dei fire store arbeidstakarorganisasjonane var samla sett 147 000, ein auke på om lag 4 000 medlemer frå 2001.
Arbeidsgivarsamanslutningar
På arbeidsgivarsida omfatta Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) om lag 16 400 bedrifter med 449 000 tilsette. Dette var ein auke på vel 500 bedrifter og om lag 1 000 personar siste året. Norsk arbeidsgivarforeining for verksemder med offentleg tilknyting (NAVO) har auka talet på medlemsbedrifter frå 149 i 2001 til 182 året etter. Talet på tilsette i medlemsbedriftene er nesten dobla og utgjorde i 2002 177 000 tilsette. Dette kjem i hovudsak av at NAVO overtok arbeidsgivaransvaret for dei offentlege sjukehusa 1. januar 2002. Kommunanes sentralforbund (KS) har hatt ein tilsvarande nedgang i samband med endringa i arbeidsgivaransvaret for tilsette i sjukehusa.
Om statistikkgrunnlaget
Statistikken omfattar arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar som hjelper sine medlemer med tariffavtaler og lønnsforhandlingar samt hovudsamanslutningane dei einskilde organisasjonane høyrer til. Organisasjonar som berre driv med spørsmål av reint fagleg art, er ikkje med i statistikken. Talet på medlemer i arbeidstakarorganisasjonar omfattar alle registrerte medlemer, også ikkje-yrkesaktive som studentar, pensjonistar med vidare. Statistikken omfattar talet på medlemer per 31.12.2002.
Korrigerte tal 15.12.2003Statistisk sentralbyrå presenterer korrigerte tal over medlemsbedrifter i arbeidsgivarorganisasjonane for 2001 og 2002. Etter ein omfattande gjennomgang av statistikkgrunnlaget i samarbeid med organisasjonane, er det naudsynt å korrigere tala over medlemsbedrifter bundne av tariffavtalar. I tillegg er statistikken utvida til å gi tal for alle medlemsbedriftene i organisasjonane samt talet på tilsette i bedrifter som er bundne av tariffavtale eller ikkje. Tala frå tidlegare år kan ikkje utan vidare samanliknast. Næringslivets Hovudorganisasjon hadde til saman om lag 16 100 medlemsbedrifter med 503 000 tilsette i 2002. Dette er ein auke på vel 250 bedrifter og om lag 15 000 tilsette frå 2001. Talet på medlemsbedrifter bundne av tariffavtalar var om lag 6 900 med 395 000 tilsette, om lag same tal som i 2001. Handels- og Servicenæringens Hovudorganisasjon hadde om lag 9 300 medlemsbedrifter med 113 000 tilsette i 2002. Dette var ein svak nedgang i talet på medlemsbedrifter i høve til 2001. Når det gjeld tariffbundne medlemsbedrifter, auka talet frå vel 3 200 i 2001 til om lag 3 800 i 2002. Talet på tilsette i desse bedriftene auka samstundes frå 57 000 til 66 000. For andre hovudsamanslutningar er skilnaden mellom talet på medlemsbedrifter totalt og talet på bedrifter bundne av tariffavtalar minimal. |
Meir informajon: liv.tove.hytjan@ssb.no, tlf. 62 88 54 43, eller harald.lunde@ssb.no, tlf. 62 88 55 52.
Tabeller:
- Tabell 1 Hovudsamanslutningane for arbeidstakarar og andre landsomfattande arbeidstakarorganisasjonar. Medlemer per 31. desember
- Tabell 2 Arbeidsgivarsamanslutningar. Talet på medlemsbedrifter og tilsette i medlemsbedriftene per 31. desember
- Tabell 3 Arbeidsgivarsamanslutningar. Talet på medlemsbedrifter med tariffavtale og tilsette i medlemsbedriftene per 31. desember
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Magnus Berglund Johnsen
E-post: magnus.johnsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 75
-
Rakel Gading
E-post: rakel.gading@ssb.no
tlf.: 40 81 14 75