9815_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/arborg/arkiv
9815
Svak auke i talet på fagorganiserte
statistikk
2004-05-06T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Kultur og fritid
no
arborg, Fagforeiningsmedlemmer og streikar, fagorganisasjonar, fagorganiserte, medlemsbedrifterOrganisasjoner og medlemskap, Arbeidsmiljø, sykefravær og arbeidskonflikter, Arbeid og lønn, Kultur og fritid
false

Fagforeiningsmedlemmer og streikar2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak auke i talet på fagorganiserte

Talet på medlemer i landsomfattande arbeidstakarorganisasjonar har auka svakt og utgjorde vel 1 508 000 personar ved utgangen av 2003. Dette var ein auke på litt over 2 400 siste året.

LO hadde 839 000 medlemer, medan YS hadde om lag 202 000 medlemer. Dette utgjorde ein auke på 38 500 medlemer i LO og 1 500 i YS samanlikna med året før. Auken i medlemstalet for LO kjem først og fremst av at Norsk Helse- og Sosialforbund og Norsk Kommuneforbund har gått saman og danna Fagforbundet, eit nytt forbund i LO. UHO talte 232 000 medlemer eller 9 000 fleire enn året før. Akademikarane hadde om lag 133 000 medlemer, som var 5 000 fleire enn året før.

Dei fire store hovudsamanslutningane organiserer no om lag 93 prosent av medlemene i arbeidstakarorganisasjonane, mot 90 prosent i 2002.

Arbeidsgivarsamanslutningar

På arbeidsgivarsida hadde NHO om lag 16 300 medlemsbedrifter med 503 000 tilsette. Dette var ein auke på vel 150 bedrifter, medan talet på tilsette var om lag det same som i 2002. Talet på medlemsbedrifter bundne av tariffavtalar var om lag 6 900 med 390 000 tilsette, ein auke på 70 medlemsbedrifter og ein nedgang på 6 000 tilsette.

HSH hadde om lag 9 400 medlemsbedrifter med 115 000 tilsette. Dette var ein svak auke i både medlemsbedrifter og talet på medlemer frå 2002. Når det gjeld tariffbundne medlemsbedrifter, auka talet frå om lag 3 800 i 2002 til om lag 3 900 i 2003.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken omfattar arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar som hjelper sine medlemer med tariffavtalar og lønnsforhandlingar samt hovudsamanslutningane dei einskilde organisasjonane høyrer til. Organisasjonar som berre driv med spørsmål av reint fagleg art, er ikkje med i statistikken. Talet på medlemer i arbeidstakarorganisasjonar omfattar alle registrerte medlemer, også ikkje-yrkesaktive som studentar, pensjonistar med vidare. Statistikken omfattar talet på medlemer per 31. desember 2003.

Tabeller: