9813_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/arborg/arkiv
9813
Svak auke i talet på organiserte
statistikk
2005-05-12T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Kultur og fritid
no
arborg, Fagforeiningsmedlemmer og streikar, fagorganisasjonar, fagorganiserte, medlemsbedrifterOrganisasjoner og medlemskap, Arbeidsmiljø, sykefravær og arbeidskonflikter, Arbeid og lønn, Kultur og fritid
false

Fagforeiningsmedlemmer og streikar2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak auke i talet på organiserte

Talet på medlemer i landsomfattande arbeidstakarorganisasjonar utgjorde vel 1 511 000 personar per 31. desember 2004. Dette var ein auke på om lag 2 200 personar frå 2003.

Landsorganisasjonen i Noreg (LO) og Yrkesorganisasjonanes Sentralforbund (YS) har begge hatt nedgang i medlemstalet samanlikna med året før. LO har vel 831 000 medlemer, ein nedgang på om lag 7 300 frå 2003. For YS var nedgangen i medlemstalet i underkant av 1 000, og organiserer vel 200 000 personar. Utdanningsgruppenes Hovudorganisasjon talte 237 000 medlemer, eller snautt 6 000 fleire enn året før. Akademikarane hadde om lag 138 000 medlemer, ein vekst på om lag 5 800 frå 2003.

Dei fire store hovudsamanslutningane organiserer om lag 93 prosent av alle fagorganiserte.

Arbeidsgivarsamanslutningar

På arbeidsgivarsida har NHO 16 200 medlemsbedrifter med 493 000 tilsette. Dette var om lag same talet på bedrifter som året før. Talet på medlemsbedrifter bundne av tariffavtalar utgjorde 6 800 med 384 000 tilsette, ein nedgang på 100 medlemsbedrifter.

NAVO hadde 177 medlemsbedrifter med 165 000 tilsette. Dette var om lag det same som i 2003. Når det gjeld tariffbundne medlemsbedrifter, auka talet frå 145 medlemsbedrifter i 2003 til 159 i 2004.

HSH organiserte vel 10 000 medlemsbedrifter med vel 136 000 tilsette. Dette var ein auke på om lag 1 000 bedrifter frå året før. Talet på tariffbundne medlemsdrifter utgjorde vel 3 300, ein svak nedgang samanlikna med 2003.

KS hadde 873 medlemsbedrifter med vel 360 000 tilsette i 2004. Dette var ein auke på 85 000 tilsette i medlemsbedriftene frå året før. Dette kjem i hovudsak av at KS tok over ansvaret for lønnsforhandlingane med lærarane 1. mai 2004.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken omfattar arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar som hjelper medlemene sine med tariffavtalar og lønnsforhandlingar samt hovudsamanslutningane dei einskilde organisasjonane høyrer til. Organisasjonar som berre driv med spørsmål av reint fagleg art, er ikkje med i statistikken. Talet på medlemer i arbeidstakarorganisasjonar omfattar alle registrerte medlemer, også ikkje-yrkesaktive som studentar, pensjonistar med vidare. Statistikken omfattar talet på medlemer per 31. desember 2004.

Tabeller: