9811_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/arborg/arkiv
9811
Auke i talet på organiserte
statistikk
2006-05-19T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Kultur og fritid
no
arborg, Fagforeiningsmedlemmer og streikar, fagorganisasjonar, fagorganiserte, medlemsbedrifterOrganisasjoner og medlemskap, Arbeidsmiljø, sykefravær og arbeidskonflikter, Arbeid og lønn, Kultur og fritid
false

Fagforeiningsmedlemmer og streikar2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i talet på organiserte

Talet på medlemer i dei landsomfattande arbeidstakarorganisasjonane aukar, medan den største, Landsorganisasjonen i Noreg, har hatt ein nedgang i talet på medlemer.

Talet på medlemer i dei landsomfattande arbeidstakarorganisasjonane utgjorde vel 1 517 000 personar per 31. desember 2005. Dette var ein auke på vel 6 800 personar samanlikna med året før. Landsorganisasjonen i Noreg har hatt nedgang i underkant av 8 900 medlemer samanlikna med året før, og organiserer nå vel 822 600 personar.

Unio, Hovudorganisasjonen for universitets- og høgskuleutdanna, har vel 244 200 medlemer, ein auke på vel 6 500 personar frå 2004. Yrkesorganisasjonanes Sentralforbund organiserer vel 201 700 personar, medan Akademikarane hadde vel 142 900 medlemer ved utgangen av 2005. Dette tilsvarte ein auke frå året før på 4 400 og 1 100 personar. Dei frittståande arbeidstakarorganisasjonane hadde om lag 106 000 medlemer, ein auke på vel 3 500 medlemer frå 2004. Dei fire store hovudsamanslutningane organiserer om lag 93 prosent av alle fagorganiserte.

Arbeidsgivarsamanslutningar

På arbeidsgivarsida har Næringslivets hovedorganisasjon, NHO, 16 106 medlemsbedrifter med i underkant av 494 400 tilsette. Dette var 100 færre bedrifter enn året før. Talet på medlemsbedrifter bundne av tariffavtalar utgjorde 6 980 bedrifter med vel 380 400 tilsette, ein auke på 167 bedrifter.

NAVO hadde 185 medlemsbedrifter med 165 000 tilsette. Dette var noen flere1 bedrifter enn i 2004, med om lag same talet på tilsette. Når det gjeld tariffbundne medlemsbedrifter, auka talet frå 159 medlemsbedrifter i 2004 til 168 i 2005.

Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon, HSH, organiserte 11 013 medlemsbedrifter med om lag 143 000 tilsette. Dette var ein auke på 593 bedrifter frå året før. Talet på tariffbundne medlemsdrifter utgjorde vel 3 691 bedrifter, ein auke på 364 bedrifter samanlikna med 2004.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken omfattar arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar som hjelper sine medlemer med tariffavtalar og lønnsforhandlingar samt hovudsamanslutningane dei einskilde organisasjonane høyrer til. Organisasjonar som berre driv med spørsmål av reint fagleg art, er ikkje med i statistikken. Talet på medlemer i arbeidstakarorganisasjonar omfattar alle registrerte medlemer, også ikkje-yrkesaktive som studentar, pensjonistar med vidare. Statistikken omfattar talet på medlemer per 31.12.2005.

1  Rettet 19. mai 2006 kl. 1335.

Tabeller: