9827_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/arborg/arkiv
9827
Svak auke i talet på fagorganiserte
statistikk
2010-05-05T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Kultur og fritid
no
arborg, Fagforeiningsmedlemmer og streikar, fagorganisasjonar, fagorganiserte, medlemsbedrifterOrganisasjoner og medlemskap, Arbeidsmiljø, sykefravær og arbeidskonflikter, Arbeid og lønn, Kultur og fritid
false

Fagforeiningsmedlemmer og streikar2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak auke i talet på fagorganiserte

Talet på medlemer i landsomfattande arbeidstakarorganisasjonar utgjorde i underkant av 1 637 000 personar ved utgangen av 2009. Dette var ein auke på vel 15 000 personar frå 2008.

Dei fire store hovudsamanslutningane LO, YS, Unio og Akademikarane organiserer no 93 prosent av medlemene i arbeidstakarorganisasjonane, mot 87 prosent for ti år sidan.

På arbeidsgivarsida er det små endringar i talet på medlemsbedrifter med tariffavtale samanlikna med året før.

Sjå fleire tal i Statistikkbanken .

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken vert innhenta frå arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane og omfattar talet på medlemer per 31. desember.

Dette er arbeidsgivarorganisasjonar som hjelper medlemene sine med tariffavtalar og forhandlingar om lønn. Organisasjonar som berre driv med spørsmål av reint fagleg art, er ikkje med i statistikken.

Medlemer i arbeidstakarorganisasjonar omfattar alle registrerte medlemer, også ikkje-yrkesaktive som studentar, pensjonistar med vidare.