84062_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/arborg/arkiv
84062
29 000 fleire fagorganiserte
statistikk
2012-05-03T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Kultur og fritid
no
arborg, Fagforeiningsmedlemmer og streikar, fagorganisasjonar, fagorganiserte, medlemsbedrifterOrganisasjoner og medlemskap, Arbeidsmiljø, sykefravær og arbeidskonflikter, Arbeid og lønn, Kultur og fritid
false

Fagforeiningsmedlemmer og streikar2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

29 000 fleire fagorganiserte

Talet på medlemer i landsomfattande arbeidstakarorganisasjonar utgjorde i underkant av 1 688 000 personar per 31. desember 2011. Det er ein auke på om lag 29 000 personar frå 2010.

Dei fire store hovudsamanslutningane LO, YS, Unio og Akademikarane organiserer om lag 93 prosent av alle medlemene i arbeidstakarorganisasjonar.

Når det gjeld arbeidsgivarar er det lita endring i talet på medlemsbedrifter med tariffavtale samanlikna med året før.

For fleire tal, sjå Statistikkbanken.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken vert innhenta frå arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane og omfattar talet på medlemer per 31.12.2011. Dette er arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar som hjelper sine medlemer med tariffavtalar og forhandlingar om lønn. Organisasjonar som berre driv med spørsmål av reint fagleg art, er ikkje med i statistikken. Medlemer i arbeidstakarorganisasjonar omfattar alle registrerte medlemer, også ikkje-yrkesaktive som studentar, pensjonistar med vidare.