Statistikk innhold

Statistikk om

Kyrkjelege inndelingar

Statistikken gir ei oversikt over mest brukte kyrkjelege inndelingar. Lange tidslinjer og førehandskunngjering av kommande regionale inndelingar er gitt.

Oppdatert: 29. januar 2025
Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett

Utvalde tal frå denne statistikken

Om statistikken

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 21. januar 2025.

Bispedøme
Eit bispedøme er det området ein biskop leier. Bispedømet er den største kyrkjelege eininga og består av heile prosti. Bispedøme kan avleiast frå kommunegrensa. Bispedømekode er ein tosifra numerisk kode.

Prosti
Prostiet er den største kyrkjelege administrative eininga innanfor eit bispedøme og består av eit heilt tal prestegjeld. Prostiet blir leia av ein prost. Prosten er bindeleddet mellom kyrkjestyret og prestane. Prostikode er ein numerisk kode som viser hierarkisk tilknyting, der bispedøma har dei to første posisjonane i koden, medan prostia har 4.

Prestegjeld
Eit prestegjeld var eit tenestedistrikt for ein eller fleire prestar og blei leia av ein sokneprest. Eit prestegjeld bestod av eitt eller fleire sokn. Prestegjeld blei gradvis avvikla frå 2004. Prestegjeldkode er ein numerisk kode som viser hierarkisk tilknyting, der bispedøma har dei to første posisjonane i koden, prostia har 4, og prestegjelda hadde 6.

Sokn
Kyrkjesokn er det lågaste administrative nivået i kyrkjelege inndelingar, der folk skal kunne høyre til den same kyrkja (soknekyrkje), og der det skal vere eit eige sokneråd i følgje Kyrkjeordning for Den norske kyrkja. Soknekode er ein numerisk kode som viser hierarkisk tilknyting, der bispedøma har dei to første posisjonane i koden, prostia har 4, prestegjelda hadde 6, og sokna har 8.

Relatert innhold