Statistikken Kyrkjelege inndelingar er ein ny statistikk over talet på kyrkjelege inndelingar. Denne statistikken strekkjer seg tilbake til 1070 for Bispedømmet er den øvste administrative eininga i Den norske kyrkja. Eit bispedømme er det området ein biskop leier. Bispedømme er vår største kyrkjelege eining og består av heile prosti., og 1865 for Prosti er eitt av fleire forvaltningsnivå i Den norske kyrkja. Prostia blir leidde av ein prost og er geografisk avgrensa verknadsområde og underlagt eit bispedømme. Etter at prestegjelda vart avvikla i Noreg i 2004, består prostia no av fleire kyrkjelege fellesråd med nærliggjande sokn, også kalla kyrkjelyd. Hovudkyrkja (tradisjonelt den fremste kyrkja innan eit prestegjeld frå 1200-talet og framover i prostiet blir prostikyrkje kalla eller prostesete..

Opphavleg, frå 831 til 1103, var Noreg ei «misjonsmark» som organisatorisk låg under erkebiskopen av Reims i Frankrike. Fram til 1152 var kyrkja i Noreg underlagd Lund i Skåne, som på den tida høyrde til Danmark. I 1152/53 vart erkebispesetet i Nidaros (Trondheim) oppretta, og det omfatta heile Norgesveldet.

Allereie i 1070, før landet fekk eigen erkebiskop, vart tre bispedømme oppretta med bispesete i Oslo, Bjørgvin (Bergen) og Nidaros (Trondhjem). Etter kvart auka talet på bispedømme til fem, då Stavanger bispedømme vart etablert i 1125 og Hamar bispedømme i 1153. Desse fem vert rekna som dei historiske bispeseta i Noreg.

Eit bispedømme består av fleire prosti. Dei første prostia kan ein hevde oppstod alt på 1100-talet, men dei første eigentlege prostia i Eidsivatingslagen syner seg først frå år 1223 og frametter.

Den kyrkjelege inndelinga frå mellomalderen var basert på kyrkjesokn, der kvart lokalsamfunn hadde si eiga kyrkje. Rundt 1400-talet ser det ut til at prestegjelda dukkar opp i kjeldene som eit administrativt nivå under prostia, og desse omfatta fleire kyrkjesokn.

Prestegjelda hadde ikkje berre kyrkjeleg, men òg verdsleg betydning. Dei fungerte som grunnleggjande forvaltningsinndelingar og utførte mange av dei oppgåvene som seinare vart overført til kommunane. Prestegjelda la såleis grunnlaget for dagens kommunestruktur, som vart etablert med formannskapslova av 1837.

Tal på bispedømma på topp

I 1070 var det 5 bispedømme i Noreg. Mellom 1070 og 1154 var det ein gradvis auke frå 5 til 11 bispedømme. Talet heldt seg på 11 bispedømme heilt til reformasjonen i 1537, då det gjekk ned til 7 bispedømme. Dette var det til 1624, då det gjekk ned til 6 bispedømme. Etter dette heldt det seg på 5 og 6 bispedømme, til det auka til 7 igjen i 1925. Fram til 1845 inkluderte talet også bispedømma utanfor fastlands-Noreg, som på Grønland, Island og dei britiske øyane. Vidare auka det gradvis frå 7 bispedømme, til det nådde 11 bispedømme i 1984. I 2025 er det framleis 11 bispedømme.

Tal på bispedømme per år

Stift og prosti 1865

Nedgang i talet på prosti siste 15 år

Prostiet er den største kyrkjelege administrative eininga innanfor eit bispedømme og består av Prestegjeld var tidlegare (avskaffa i 2004) eit geografisk, administrativt område i Den norske kyrkja. Prestegjeldet var historisk den grunnleggjande forvaltningseininga i Noreg også i verdsleg forstand og forløpar til kommunane i 1838. Eit prestegjeld bestod av eitt eller fleire kyrkjesokn. Prestegjeldet var i sin tur underlagt eit prosti og eit bispedømme., som igjen er delt inn i Eit kyrkjesokn eller berre sokn, er den lågaste geografiske forvaltningseininga i Den norske kyrkja. Eit kyrkjesokn kan ha ei eller fleire kyrkjer. I Noreg var sokna også ei kommunal forvaltningseining i perioden 1837-1950. Tidlegare samla ein fleire kyrkjesokn i eit prestegjeld, og fleire prestegjeld i eit prosti. I dag blir prostia inndelte direkte i kyrkjesokn, og dei ulike prestane som er tilsette i prostiet betener dei ulike kyrkjesokna. Kvart kyrkjesokn har eit sokneråd. Kyrkjesokna speler derfor ei rolle i rådsstrukturen til kyrkja.. Prostiet blir leia av ein prost. Prosten er bindeleddet mellom kyrkjestyret og prestane.

I 1865 var det 77 prosti i Noreg. Dette talet har auka med tida, og i perioden 1925–1965 var det 91 prosti. Vidare varierte talet litt, fram til det toppa seg mellom 2008–2012 med 106 prosti. Deretter har talet på prosti gått ned, og i 2025 er det 92 prosti i Noreg.

Tal på prosti per år