Kommunane blei til i 1838
Formannskapslova trådde i kraft 1. januar 1838 og markerte starten på det kommunale sjølvstyret i Noreg. Lova oppretta bykommunar (Ein kjøpstad (gammalnorsk: kaupstaðr, marknadsplass) var eit bysamfunn med privilegium som gav byborgarar monopol på handel og anna næring, såkalla kjøpstadsrettar. Det fanst samtidig ein type bysamfunn med meir avgrensa rettar, nemleg ladestadene, som i ein lang periode var underordna næraste kjøpstad.) og heradskommunar (Ein landkommune (1837-1992) var ein kommune som ikkje hadde kjøpstadsrettar slik bykommunane hadde. Sjølve namnet heradkommune vart introdusert i 1863.) basert på dei eksisterande kyrkjelege inndelingane. Kommunane var i stor grad baserte på dei tidlegare Prestegjelda var dei viktigaste einingane innan kyrkjeleg administrasjon og omfatta fleire sokn (menigheter). Dei skulle normalt ikkje kryssa kommunegrenser, men gjorde det i nokre tilfelle. Prestegjeld vart gradvis avvikla frå 2004., som var administrative einingar innanfor Den norske kyrkja.
Kommunane blei dermed ofte samanfallande med kyrkjesokn og prestegjeld, noko som reflekterte den sterke samanhengen mellom kyrkja og staten på den tida.
Eit Noreg i endring
Noregs kommunestruktur har gått gjennom store endringar. Det er mogleg å observera ein jamn trend mot fleire og mindre kommunar før andre verdskrigen, medan etterkrigsåra er prega av rørsla mot færre og større kommunar. Å definera det absolutte talet av kommunar per år er ikkje så lett som det verkar. Her må det takast omsyn til både status og skipinga. I figuren Talet på kommunar per år er utgangspunktet talet på kommunar som eksisterte 1.1.1838. Ein ladestad (eller «losse- og ladestad») var ein tettstad eller ei hamn der ein hadde rett til å driva direkte handel og dessutan inn- og utføring av varer. som Hvitsten og Holmsbu blir ikkje rekna med sjølv om ein finn dei i enkelte teljingar som eigne kommunar. Dei siste åra er det for ordens skuld slik at endringar i kommunestruktur skjer frå 1. januar. Tidlegare kunne forandringane tre i kraft når som helst på året. I SSBs klassifikasjonssystem KLASS blir endringane tekne med frå 1. januar det etterfølgjande året slik at dei kan gå i takt med produksjon av statistikk. Dette er grunnen til at tal frå figuren Talet på kommunar per år kan fråvika andre kjelder. Sjekkar ein derimot talet på kommunar året etter, ser ein samspel.
Innføring av kommunenummer i 1946
Med folketeljinga i 1946 fekk norske kommunar for første gong Kommunenummer er eit nummer som i Noreg identifiserer ein kommune. Det består av fire siffer og blir brukt for eintydig å definera kommunen. <br> <br> Dei to første siffera i kommunenummeret er fylkesnummeret. Dei to siste siffera i kommunenummeret er eit løpenummer innan kvart fylke. Kommunenummera er delvis ordna etter den gamle fogderiinndelingen, slik at nabokommunar ofte har kommunenummer som følgjer kvarandre.<br> <br> Frå kommunenummera vart innførte i 1946, fekk byane kommunenummer med tredjesiffer 0. Dette viser at kommunen var ein bykommune.. Nummereringa gjorde det enklare og meir eintydig å lage skjema for digital handsaming.
På den tida kunne ingen førestille seg dei hyppige endringane og den raske digitale utviklinga som kom seinare. For maskinell handsaming av data er det ein fordel at kodane er unike. Denne viktige føresetnaden har blitt strengare følgt opp dei siste åra. Men tidelegare finst det ein god del gjenbruk av nummer i denne tidsserien. Ofte har kommunar behalde nummeret sitt ved splittingar og samanslåingar, sjølv om den geografiske utstrekninga har endra seg mykje. I tillegg har kommunenummer blitt gjenbrukt for heilt ulike kommunar. Nokre eksempel ser du i tabellen nedanfor:
Ein merksam lesar vil merke at sidan kommunenummeret først vart innført i 1946, er det ein lang periode (tilbake til 1838) der vi har måtta nytte "fiktive" kodar. Dette betyr at vi har utvida tidslinja bakover, og der kommunar forsvann før 1946, har dei fått tildelt eit nummer.
Endringar i grenser, namn og nummer
Kommunar har endra seg mykje, blitt delte, slått saman, endra namn, grenser eller tilhøyrsle til fylke.
1120 Klepp kommune skil seg ut som den einaste kommunen i Noreg som er uforandra med omsyn til grenser og fylke sidan formannskapslova vart vedteke i 1837.1
Gjennom tidene har mange kommunar endra namn, ofte i samband med samanslåingar eller splittingar. Nokre gonger var det berre skrivemåten som vart endra. Oslo og Solund har bytta namn fleire gonger. I 1890 endra 1412 Utvær namn til 1412 Sulen, og i 1923 vart namnet igjen endra til 1412 Solund. 0301 Christiania bytta namn til 0301 Kristiania i 1877, før det i 1925 vart endra til 0301 Oslo.
Kommunenummera har også gjennomgått fleire endringar. Her er døme på kodeendringar som ikkje er eit resultat av splitting eller samanslåing:
- 0421 Kongsvinger fekk nytt kommunenummer i 1965, då det vart endra til 0402.
- 0798 Stavern fekk bystatus i 1943, og kommunenummeret vart endra til 0708.
- 0980 Åseral fekk nytt nummer i 1881 då kommunen vart overført frå Aust- til Vest-Agder.
- 0580 Sollia vart overført frå Oppland til Hedmark fylke og fekk nummer 0431 i 1890.
- 1214 Ølen vart overført frå Hordaland til Rogaland i 2002.
- I 2019 skifta 1567 Rindal fylke frå Møre og Romsdal til Trøndelag og fekk nytt kommunenummer, 5061.
Fleire endringar fann stad under regionreforma i 2020, noko som kjem fram i tabellen under:
Det er ikkje uvanleg at ein kommune blir delt i to eller tre nye kommunar, men det er få kommunar som gir opphav til fire nye kommunar. Dette skjedde til dømes med Kvernes (1553), som i 1897 vart delt i Eide (1551), Kornstad (1552), Kvernes (1553) og Bremsnes (1554).
Røros, Grong og Ibestad er også mor-kommunar til fire nye kommunar. Røros vart i 1927 delt i Røros bergstad (1640), Røros landsogn (1641), Brekken (1642), og Glåmos (1643). Grong blei i 1923 delt i Røyrvik (1739), Namsskogan (1740), Harran (1741), og Grong (1742). I 1926 vart Ibestad delt i Andørja (1916), Ibestad (1917), Astafjord (1918), og Gratangen (1919).
Dokumentasjonen til Standard for kommuneinndeling kjem snart.
Frå amt til fylke
Fylke i Noreg har djupe historiske røter som strekkjer seg tilbake til norrøn tid, då fylka fungerte som småkongerike. Noregs fylkesinndeling i nyare tid vart imidlertid først etablert som amt i 1671, men gjekk gjennom fleire reformer i takt med endra politiske og administrative behov.
I 1919 vart amta omdøypte til fylke, og etter kvart har inndelinga vore gjenstand for store endringar, særleg dei siste tiåra. Figuren «Talet på fylke per år» viser denne historiske utviklinga gjennom talet på fylkeseiningar over tid, medan kartvisualiseringa gir ei oversikt over geografisk utstrekking, med høve til å studera endringar på tvers av ulike årgangar.
Det toårige prosjektet 2022-GEO-IBA-HistGeoStat er finansiert av Eurostat.
1 Teksten "1120 Klepp kommune skil seg ut som den einaste kommunen i Noreg som har hatt dei same grensene sidan formannskapslova vart vedteke i 1837. " vart presisert med "er uforandra med omsyn til grenser og fylke". Teksten: "Også kommunane Time (1121), Vega (1815) og Saltdal (1840) har halde seg relativt stabile gjennom historia, sjølv om det har vore mindre grensejusteringar på grunn av overføringar av mindre område." vart fjerna.