Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Framleis flytterekord innanlands
I 2001 vart det registrert 201 800 flyttingar, 800 fleire enn året før, og det er ny rekord i eit normalår. Med andre ord så flytta 4,5 prosent av innbyggjarane over ei kommunegrense i fjor.
Den geografiske mobiliteten - målt som flyttingar i høve til folketal - var på same nivå, 4,5 prosent, det same som i 2000. Det vil seia at mengda av innbyggjarane som flyttar innanlands, er uendra dei to siste åra. Men ein må attende til 1975 for å finna ein høgare mobilitet for innbyggjarane samla sett. Det er òg slik som i fjor, at menn sin mobilitet ligg eit par prosent høgare samanlikna med kvinner. Det er nokre færre flyttingar mellom fylka i 2001, samanlikna med året før, som var det høgste sidan 1981. Mobiliteten mellom landsdelane var på nær same nivå. Det kan synast som om det vert fleire flyttingar med kortare avstandar og færre flyttingar over lengre avstandar.
Rekordmange flyttingar innanfor kommunane
Utanom dei 201 800 flyttingane mellom kommunane i 2001, vart det registrert om lag 368 000 flyttingar innanfor kommunane, dette er ein auke på 13 000 flyttingar frå 2000.
Akershus hadde den største innanlandske tilflyttinga
I 2001 hadde Akershus fylke ei nettoinnflytting frå resten av Noreg, på 2 100 personar. Den nest største auken i nettoinnflytting kom i Østfold, som hadde ein auke på 1 400 personar. Vestfold hadde ei nettoinnflytting på 1 000 personar i fjor. Flyttestraumen i Oslo vart snudd siste år, Oslo hadde eit flytteoverskot på 800, mot eit flytteunderskot på 1 900 året før. Oslo hadde nettoinnflytting frå resten av landet i åra 1990-1997. I fjor hadde Nordland den største netto utflyttinga med 1 700 personar. Dei to andre fylka i Nord-Noreg, Troms og Finnmark, hadde eit flytteunderskot på ikring 900 personar for kvart av fylka. I båe Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane hadde ei nettoutflytting på ikring 1 000 personar frå kvart av fylka.
Ser me nærare på utviklinga i tidsrommet 1966-2001 for fylka våre, syner det seg at Buskerud og Vestfold har hatt ei nettoinnflytting i heile perioden. Østfold har, unnateke tida 1991-1995, òg hatt ei nettoinnflytting i dette tidsrommet. Det er òg verdt å merka seg at Hordaland i 2001 for fyrste gong sidan 1966 hadde eit innanlandsk flytteoverskot.
På den andre sida har Vestlandsfylka Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, samt dei tre fylka i Nord-Noreg, stort sett hatt eit innanlandsk flytteunderskot kvart år, i tida frå 1966 til 2001.
Mindre flytteoverskot frå utlandet
I 2001 flytta 34 300 personar til Noreg, medan 26 300 flytta ut. Innflyttingsoverskotet til landet vårt var på 8 000, noko som er 1 700 lågare i høve til året før. I fjor var det 2 300 færre innvandringar, medan utvandringane minka med 500.
I 2001 hadde alle fylka våre ein flyttegevinst ovanfor utlandet. Nettoinnvandringa frå utlandet til Oslo og Akershus var i 2001 på 1 500 personar, ein liten auke på 400 frå 2000. Nettoinnvandringa frå utlandet oppveg noko av det innanlandske flyttetapet for Nord-Noreg sin del. Nettoinnflytting frå utlandet til Nord-Noreg var på 1 300 personar i 2001 mot 2 200 i 2000. Hordaland hadde størst mengd av flytteoverskotet frå utlandet med 12 prosent, vidare Akershus med 11 prosent og Nordland med 9 prosent.
Størst innflytting frå Irak
Den største einskildgruppa med utanlandske statsborgarar som flytta til Norge, var frå Irak, med 1 000 personar. I 2001 flytta det ikring 800 personar frå Iran, Russland og Somalia til Noreg.
Ser me nærare på flyttingar for dei utanlandske statsborgarane, hadde Noreg ei nettoutflytting til Jugoslavia på ikring 1 300 personar.
Norske statsborgarar flytta til Spania og Sverige
Medan 8 900 norske statsborgarar flytta inn til Noreg, flytta 11 000 ut i 2001. Noko mindre i høve til året før. Flytteunderskotet til Sverige som tok til i 1999, heldt fram òg i 2001. I fjor var det ei nettoutflytting på 1 500 nordmenn til nabolandet i aust. Dette er ikring på same nivå som året før. Spania hadde ei nettoinnflytting på 700 norske statsborgarar i fjor. Danmark hadde ei nettoinnflytting på 400 norske statsborgarar.
Omfanget av statistikken
Statistikken for 2001 omfattar i all hovudsak flyttingar som faktisk gjekk føre seg (vart melde til folkeregisteret) i 2001. Flyttingar frå tidlegare år er rekna med i 2001-tala dersom flyttemeldingane er oppdaterte i Det sentrale folkeregister i tidsrommet 1. mars 2000 til og med 28. februar 2001, til saman 2 187 registrerte tilfeller. I fjor var det registrert i alt 1 811 slike meldingar.
Tabeller:
- Tabell 1 Innenlandske flyttinger. 1951-2001
- Tabell 2 Flyttinger fra og til utlandet. 1951-2001
- Tabell 3 Alle flyttinger, innenlandske og fra/til utlandet, etter fylke. 1966-2001
- Tabell 4 Innenlandske flyttinger, etter fylke. 1966-2001
- Tabell 5 Flyttinger fra/til utlandet, etter fylke. 1966-2001
- Tabell 6 Innflyttinger fra utlandet, etter fraflyttingsland. 1966-2001
- Tabell 7 Utflyttinger til utlandet, etter tilflyttingsland. 1966-2001
- Tabell 8 Flyttinger innenfor og mellom fylkene og mellom fylkene og utlandet. 2001
- Tabell 9 Nettoinnflytting mellom fylkene. 2001
- Tabell 10 Flyttinger innenfor og mellom landsdeler. 2001
- Tabell 11 Nettoinnflytting mellom landsdeler. 2001
- Tabell 12 Innenlandske flyttinger, etter personenes kjønn og alder, og aldersavhengige rater for menn og kvinner. 2001
- Tabell 13 Innenlandske flyttinger og flyttinger fra og til utlandet, etter personens kjønn, alder og fylke. 2001
- Tabell 14 Innenlandske flyttinger, etter personenes kjønn, sivilstand og 5-årsaldersgrupper. 2001
- Tabell 15 Flyttinger fra og til utlandet, etter personenes kjønn, alder og sivilstand. 2001
- Tabell 16 Flyttinger fra og til utlandet, etter personenes kjønn og alder. 2001
- Tabell 17 Flyttinger til og fra utlandet, etter norsk/utenlandsk statsborgerskap og fraflyttings-/tilflyttingsland. 2001
- Tabell 18 Flyttinger til og fra utlandet, etter personens statsborgerskap. 2001
- Tabell 19 Flyttinger fra og til utlandet blant utenlandske statsborgere, etter personenes kjønn, alder og statsborgerskap. 2001
- Tabell 20 Flyttinger til/fra kommuner og fylker. 2001
- Tabell 21 Innenlandske flyttinger. Innflytting, utflytting og nettoinnflytting. økonomisk region. 2001
- Tabell 22 Flyttinger innen kommunene. 2001
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
E-post: befolkning@ssb.no
-
Even Høydahl
E-post: even.hoydahl@ssb.no
tlf.: 95 77 79 06