6580_not-searchable
/befolkning/statistikker/likekom/arkiv
6580
Kvinner og menn i Oslo er mest likestilte
statistikk
2003-12-15T10:00:00.000Z
Befolkning
no
likekom, Indikatorer for kjønnslikestilling i kommunene, kjønnslikestilling, likestilling, likestillingsindeks, kvinner og menn, indikatorer (for eksempel barnehagedekning, fedre med fedrekvote, kvinner i arbeidsstyrken), kommunerangeringLikestilling, Befolkning
false

Indikatorer for kjønnslikestilling i kommunene2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Kvinner og menn i Oslo er mest likestilte

Skilnadene er store både mellom fylka og kommunane, viser likestillingsindeksen for norske kommunar i 2003. På fylkesnivå kjem Oslo best ut, deretter Akershus. Vest-Agder kjem dårlegast ut. Av kommunane kjem Rollag og Leikanger best ut.

Statistisk sentralbyrå har sidan 1999 publisert likestillingsindeksen for norske kommunar. Oslo scorar i år høgst av fylka på indeksen med 3,4 poeng totalt. Også Akershus kjem høgt opp med 3,0 poeng. Kommunane i Akershus kjem særleg godt ut på indikatorane talet på kvinner per 100 menn, prosent kvinner i arbeidsstyrken og kvinnerepresentasjonen i kommunestyra. Akershus har ingen kommunar som scorar under landsgjennomsnittet på 2,5 poeng.

Også Finnmark, Buskerud og Sogn og Fjordane scorar høgt på indeksen. Finnmark er eit av dei fylka som også tidlegare har scora høgt på dei fleste indikatorane (og særleg barnehagedekning og inntekt). Ei av årsakene er at indeksen ikkje berre er rekna ut ved å samanlikne forholda for kvinner mellom kommunane, men at ein også ser på forholdet mellom utdanningsnivået hos kvinner og menn, prosent i arbeidsstyrken og inntekt i den einskilde kommunen. Buskerud og Sogn og Fjordane scora høgt også i fjor.

Agderfylka og Møre og Romsdal på botn

Fylka i sør kjem dårlegast ut. Vest-Agder og Aust-Agder ligg på siste og tredje siste plass (med Møre og Romsdal mellom seg). Desse tre fylka har vore på botnen av rangeringa fleire år på rad. Alle tre fylka scorar jamt over lågt på alle enkeltindikatorane, med unntak av at Aust-Agder scorar over landsgjennomsnittet på utdanningsnivå. Ikkje alle kommunane kjem ut like lågt rangert. Til dømes kjem både Kristiansand, Søgne og Sirdal i Vest-Agder ut med ein score over landsgjennomsnittet.

Små endringar i rangeringa mellom kommunane

Om vi rangerar kommunane, finn vi Rollag i Buskerud og Leikanger i Sogn og Fjordane på toppen i tabellen, med ein score på 3,8. Dei to kommunane har litt variasjon i dei enkelte indikatorane. Leikanger scorar berre 2,5 på utdanning, men er blant det 25 prosent beste på dei andre indikatorane. Rollag scorar 3,5 på utdanning og 3 på kvinner per 100 menn. Deretter følgjer fire kommunar med score på til saman 3,7 på indeksen: Øystre Slidre, Bodø, Hammerfest og Sør-Varanger. I fjor var Hammerfest og Sør-Varanger på topp. Det ser ut til at Hammerfest har fått lågare score på indeksen for kvinner/menn i arbeidsstyrken, medan Sør-Varanger scorar lågare på indeksen for kvinner/menn sitt utdanningsnivå enn i fjor.

Både Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim kjem ut med ein score over landsgjennomsnittet.

I den andre enden av rangeringa finn vi Farsund med ein score på 1,1 på indeksen. Deretter kjem Lindesnes, Vanylven, Kvinesdal, Selje og Herøy, alle med 1,3 poeng.

Det er ikkje store endringar i likestillingsindeksen frå i fjor. Noko av dette kjem av at vi har brukt dei same tala på kvinnelege kommunestyrerepresentantar dei siste fire åra. Til neste år, med tal frå kommunevalet i 2003, vil ein truleg sjå større endringar.

Likestillingsindeks. 2003

Mange måtar å framstille likestilling på

Likestilling mellom kvinner og menn kan skildrast på mange ulike måtar og ved hjelp av mange typar statistikk. Ein indeks er eit samlemål , ein måte å forenkla eller komprimera data på. I likestillingsindeksen prøver me å samanfatta ulike - direkte og indirekte - mål på likestilling som viser i kva grad kvinner og menn deltek - eller har høve til å delta - i politikk, utdanning, og yrkesliv i den einskilde kommune.

Dei måla eller indikatorar som inngår i indeksen er:

  • Barnehagedekning 1-5 år (2002)
  • Talet på kvinner per 100 menn i alderen 20-39 år (2002)
  • Utdanningsnivået til kvinner og menn (2002)
  • Kvinner og menn i arbeidsstyrken (2002)
  • Inntekt til kvinner og menn (2001)
  • Prosentdel kvinnelege kommunestyrerepresentantar (1999)

Denne samanstillinga av indikatorar er sjølvsagt berre éin av fleire moglege måtar å visa likstillingssituasjonen i kommunane på. Indeksen omfattar det som er tilgjengeleg av relevant statistikk og dei viktigaste målbare faktorane må seiast å vera med.

Indikatoren "Talet på kvinner per 100 menn", er teken med som ein slags indirekte indikator. Kommunar med få tilbod om utdanning og ein einsidig (mannsdominert) næringsstruktur opplever gjerne fråflytting av unge vaksne kvinner. Låg prosentdel kvinner indikerer difor at grunnlaget for likestilling er svakt i kommunen.

I tabellane blir det gitt ei meir detaljert oversikt over indeksen, og her kan ein samanlikne og sjå korleis fylka og kommunane scorar, både totalt og for dei enkelte indikatorane. Grunnlagsdata er tilgjengeleg i Statistikkbanken ( http://statbank.ssb.no/statistikkbanken/ ). Sjå elles 'Om statistikken' for å sjå nærare korleis indeksen er rekna ut.

Tabeller: